Noreg må dele superprofitten

PETROLEUMSINNTEKTER TIL VERS: Den gule kurva er ein illustrasjon på statens netto kontantstraum frå norsk petroleumsaktivitet. Statens anslag over forvente inntekter frå olje og gass 2022 og 2023 manglar sidestykke i historia. Bilete viser Johan Sverdrup-feltet. Foto: Equinor
I 2022 og 2023 er statens inntekter frå olje og gass venta å auke til høvesvis 1 300 og 1400 milliardar kroner – opp frå under 300 milliardar kroner i 2021. Ekstrainntektene manglar sidestykke i norsk historie: Inntektene frå norsk olje- og gassaktivitet har alltid gått opp og ned – men berre to gongar tidlegare har den norske stat tent over 500 milliardar kroner på eit år. Ikkje ein einaste gong i perioden 2015-2020 bikka petroleumsinntektene 300 milliardar kroner.

I tråd med dagens regler vil statens netto kontantstraum frå olje- og gassaktivitet i sin heilskap tilførast oljefondet.Å halde petroleumsinntektene unna statsbudsjettet har vist seg å vere eit klokt val for Noreg. Sidan Finansdepartementets første innskot i 1996 og fram til og med 2021, har staten tilført fondet nesten 3000 milliardar kroner. Dette har vore avgjerande for oppbygginga av det fondet vi har i dag – med ein marknadsverdi på over 12 000 milliardar kroner.
At Noreg i år og til neste år samla kan kome til å tene rundt 2 000 milliardar kroner «ekstra» på olje- og gassal som følgje av Russlands krig mot Ukraina, bør likevel tvinge fram ein diskusjon om kva vi skal gjere med dei enorme ekstrainntektene. Skal vi halde fast på regelen om at alle inntekter frå sal av olje og gass skal tilførast oljefondet, for så å bli investert i internasjonale aksjar, rentepapir og eigedommar? Eller bør vi skilje mellom «normale» petroleumsinntekter og krigsrelaterte inntekter – og finne måtar å omfordele denne ekstraordinære superprofitten på?
Høgprisregel for statens petroleumsinntekter
I eit peikar fem norske næringslivstoppar heilt riktig på at den situasjonen vi no står i, er historisk – og at det same bør responsen frå norske myndigheiter vere. Dei foreslår at regjeringa, som no førebur ei sak for Stortinget om korleis vi kan bruke av våre ekstraordinære petroleumsinntekter til å styrke innsatsen i Ukraina og andre land, om å tenke stort. Skikkeleg stort:
