Nullutsleppsferjer: Ein historisk sjanse

Batteriferja «Ampere» på Sognefjorden i juni 2015 (foto: Bård Ek)
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Noko av det første det nye fylkestinget i Hordaland skal avgjere, er om ferjene som skal trafikkere fylkets 16 ferjesamband fram mot 2030 skal vere nullutsleppsferjer. Dei kan ikkje la sjansen gå frå seg.
Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. I det ligg det at utsleppa pr. innbyggjar bør ned mot eitt til to tonn CO₂-ekvivalentar pr. år – mot 10 i dag. Det er fullt mogeleg å få til, men det fordrar eit taktskifte frå både politikk og næringsliv.
Det er to måtar å møte klimatrugselen på:
Vestlandet må sjå mogelegheitene. Det var òg utgangspunktet då Sparebanken Vest og Norsk Klimastiftelse i mars inviterte aktørar frå næringsliv og politikk til eit arbeidsmøte, for å drøfte korleis Vestlandet kan bli ein region som er tidleg ute med å utvikle og ta i bruk den teknologien som framtida vil etterspørje. Vi hadde utskifting av ferjeflåten i Hordaland som «case».
Hordaland har i dag 16 ferjesamband knytt til fylkesvegnettet. Dagens ferjekontraktar går alle ut i perioden 2018-2020. Innhaldet i dei nye kontraktane skal vere klare før jul. Vi har no ein unik sjanse til å rulle ut nullutsleppsteknologi i stor skala – teknologi som vestnorsk næringsliv står klar til å levere.
Fylkespolitikarane gjorde på nyåret eit intensjonsvedtak om at dei nye ferjekontraktane skal innehalde krav om null- eller lågutsleppsteknologi. Men vedtaket hadde eit viktig førehald: Staten må dekke ekstrakostnadene som følgjer av å vere ein «first mover». På arbeidsmøtet var det unison einigheit om at dette måtte vi likevel klare å få til, og vi fordelte oppgåver for vidare framdrift. Vår nye fylkesordførar Anne Gine Hestetun var blant dei mest entusiastiske.
No har fylket fått den garantien det bad om. Før sommaren bad Stortinget regjeringa vurdere finansieringa av økte miljøkrav til fylkeskommunale ferjer. Frps stortingsrepresentant Helge André Njåstad har i etterkant vore heilt tydeleg på at dette betyr statleg støtte til null-utsleppsferjer i Hordaland.