Sjeføkonom i Statoil, Eirik Wærness "er en kunnskapsrik mann fra Bergen som kan å holde praten gående". Interesseorganisasjonen Norsk olje og gass lager animasjonsfilm der "en myk kvinnestemme" snakkar om rolla norsk gass kan spele i klimaarbeidet. For den lesaren som er litt treig i oppfatninga blir det gjenteke at stemma er mjuk. Nokre boksider seinare er det ei anna mjuk roleg kvinnestemme som lokkar med kol: "ja, for også kullobbyen bruker en myk kvinnestemme".
Det er lett å falle for slike dramatiserande verkemiddel når ein nærer eit brennande ønskje om å sørge for at bodskapen kjem gjennom. Men som med bokomslaget, er det slike grep som kan stille ein lagleg til for hogg. Det idylliske strandbiletet frå Nord-Noreg ein stad er eit bilete ein ikkje kan leve av: Nokre tørrfiskar på ein naustvegg berger ikkje økonomien uansett kor idyllisk det ser ut.
Det ligg også som ein grunntone gjennom heile boka – ei erkjenning av kor vesentleg olja blei for norsk eksport, så vesentleg at det kan ha trengt bort andre sjansar, attpåtil gjort oss mindre omstillingsdyktige, no som omstilling er blitt eit nytt mantra.
Utover i boka er det også som om tonen blir meir nøktern. Kanskje er det fordi forfattaren blir meir prega av saksfeltas tekst og tale – fordi ho skriv seg inn i dei dilemma som norsk økonomi og velferd står overfor? Eller er det fordi oljenæringa sjølv har fått eit mørke innover seg?
Det skjer ei vending kring oljemessa i 2012 omlag midtvegs i boka. Oljefolket er framleis i feststemning. Stavangers ordførar Christine Sagen Helgø frå Høgre held det som ifølge Sæther er ein "oppstemt tale" om nye funn og forlenga oljealder: "The sun is about to rise again and shine over new fields".
Igjen fell Sæther for freisting til dramatisering: "Smilene blir brede hos alle tilhørerne i salen, men konsernsjef Helge Lund klarer å løfte stemningen enda mer." Han er "nyklipt og i perlehumør" – og forsikrar tilhøyrarane om at ONS (oljemessa red mrk) vil "fortsette, fortsette og fortsette!"
Sidan tok festen til å avta, men parallelt har også noko anna skjedd: Krisa i mediebransjen inntraff, færre har rapportert frå oljebransjen, og som Sæther syner: Det er no fleire kommunikasjonsarbeidarar i petroleumsindustrien enn det er journalistar som jobbar på feltet. Og samstundes er det kome eit nytt eksistensielt alvor innover bransjen.
Ho viser at varselropa ikkje lenger berre kjem frå miljøorganisasjonar, men også frå folk som den britiske sentralbanksjefen Mark Carney og leiar av det internasjonale Financial Stability Board. Han kallar klimatrugsmålet "tragedien i horisonten", og antyder at dei som utvinner fossil energi kan bli haldne økonomisk ansvarleg for skadene grunna klimaendringar.
Sæther siterer også Maria Moræus Hanssen, oljedirektør i det franske energiselskapet Engie. Ho meiner at oljeindustrien til ein viss grad har fornekta omstillingsbehovet, og at dei no må innsjå at tida for vekst er over. Sæther skriv: "Når man skal begynne med noe nytt, må man slutte med noe gammelt. Det kan virke opplagt, men det er vanskelig i praksis."
Spørsmålet er brennande, bokstavleg talt. Eitt spørsmål er kva Noreg vel å gjere med olja og gassen som framleis ikkje er tatt opp. Meir enn halvparten av all olje og gass på norsk sokkel ligg framleis i bakken, etter anslag frå Oljedirektorarets ressursrapport for 2017. Dei største funna ligg i Barentshavet. Men kva kostar det? Ifølge Klaus Mohn, tidlegare sjeføkonom i Statoil, meir enn det smakar. Han meiner oljenæringa har tatt for mykje tran. Til ein fersk artikkel som kjem i tidsskriftet Samfunnsøkonomen, har han rekna på utvinning av LoVeSe og tar omsyn til miljøeffekt, klimaeffekt og indirekte verknader i norsk næringsliv. Konklusjonen hans er at det slett ikkje er sikkert det vil vere lønnsomt. Olje i Lofoten gir kvar av oss 750 kroner, ifølge Aftenposten.
Eit anna spørsmål, aktualisert av Sæthers bok, er korleis mektige Statoil skal manøvrere seg inn i framtida.
Ifølge henne har dei politiske styresmaktene abdisert – ho ønskjer tydelegare aktivt eigarskap. Dette er ei meir problematisk side ved boka. Statoils utvikling er ikkje lenger resultat av kva styresmaktene gjer på norsk sokkel. Statoil er eit multinasjonalt selskap nettopp med krav om vekst. Prosjekt og satsingar blir styrt av selskapets leiing, og utviklinga bestemt av kva felt og område som blir gjort tilgjengelege over heile verda, der andre lands styresmakter bestemmer tempo og omfang. Statoil har internert norske verdiar, dei har ekspandert heile vegen. Statoil har laga sin eigen veg gjennom livet – og når ein har vore med på den ferda, kor skal ein då stoppe? Vi vil gjerne bestemme over oljesandsatsinga, men skal politikarane då også gripe inn i Angola og Nigeria?
For Noregs del er gjerne den aller største utfordringa at vi har lagt alle egga i ei korg. Vi har blitt oljedopa så lenge at det tykkjest vanskeleg å snu. Medan fornybarkjelder og annan teknologi som 3D-printaren gradvis inntek verda, er norsk industri stadig meir oljeavhengig.
Sæther sluttar med oppmoding om å tenkje kontrafaktisk: Kva om politikarane den gongen på sekstitalet hadde skjønt kor alvorleg den globale oppvarminga kom til å bli?
Meir interessant ville det ha vore å vite kva som ville ha skjedd om norsk sokkel ville ha endt på andre hender. For klimarekneskapens del er det ikkje sikkert det ville ha vore eit betre scenarie. Sjølv om Noreg ville hatt reinare hender.