Oljeselskapas magemål

FÅR KRISEPAKKE I GODE TIDER: Både Equinor og Aker har i 2022 lagt fram rekordresultat som følge av høge olje- og gassprisar. Likevel nyt dei godt av den midlertidige oljeskattepakka som Stortinget vedtok under pandemien i 2020. Foto: NTB
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Pandemiens oljekrisepakke blei forhandla fram i Stortinget våren 2020 av Høgre, Ap, Frp, Senterpartiet, KrF og Venstre. Pakken innebar at oljeselskapa kan utgiftsføre investeringskostnader, i tillegg til ein friinntekt på 24 prosent, umiddelbart i særskattegrunnlaget. Endringane famna investeringskostnader i 2020 og 2021, samt alle nye prosjekt som er innlevert innan utgangen av 2022. Selskapa nyt godt av denne ekstraordinære skattefordelen heilt fram til dei nye felta startar å produsere.
Kva oljekrisepakka vil koste skattebetalarane veit ein ikkje før om mange år – etter at dei nye felta har kome i drift. Sidan 2020 har Finansdepartementet oppjustert anslaget frå 8 til 11 milliardar kroner.
Formålet med oljekrisepakken var å styrke industriens likviditet i ei tid med låge olje- og gassprisar og ein koronastengt verdsøkonomi. Usikkerheita var stor – ein frykta tap av tusenvis av arbeidsplassar som resultat av manglande aktivitet. Men utviklinga gjekk ikkje som næringa eller stortingsfleirtalet frykta. På grunn av krigen i Ukraina, og hardt pressa energimarknader, renn no pengane inn over norsk oljeindustri i eit omfang utan sidestykke i historia.
Erna Solberg har derfor heilt rett når ho seier at i lys av dagens situasjon, er oljekrisepakka unødvendig. Det riktige ville vore å bruke revidert nasjonalbudsjett som anledning til å skjerpe oljeskatten, slik Aftenposten og fleire andre redaksjonar har teke til orde for på leiarplass. Dessverre har stortingsfleirtalet sagt nei til dette.
Men det er ikkje berre politikarane som bør svare for seg. Oljeselskapa, som for to år sidan dreiv eit intenst lobbypress for å tvinge skatteendringane gjennom, har også mykje å svare for: Ville dei pressa like hardt på for ekstraordinær skattelette om dei hadde visst at dei var to år unna historisk høge energiprisar? Og når vi no sitt på fasiten: Meiner dei det framleis er riktig å krevje milliardstøtte frå fellesskapet?
Mange bedrifter i andre næringar har frivillig valt å tilbakebetale koronastøtte fordi utviklinga blei meir positiv enn dei frykta under pandemien. Ein av desse var bilkonsernet Birger N. Haug som i 2020 valde å tilbakebetale eit par millionar kroner. Til sa styreleiar Birger Skjellvik at dette var eit moralsk spørsmål: