Om reisevanar, cocktailar og klimaeffektar

Antall flyreiser og lengden på reisene påvirker klimaeffekten av reisevanene våre. Her fra Bodø lufthavn.
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Reisene våre er viktige bidrag til det totale klimafotavtrykket. Men dette er heller ikkje til å unngå. Menneske har alltid reist, og målt i minutt reiser vi ikkje så veldig annleis enn i steinalderen. Forskjellen er at vi har bytta ut muskelkraft med motorkraft, noko som fører til ein cocktail av ulike utslepp.
Kva er så eigentleg klimapåverknaden av reisene våre? Dette tilsynelatande enkle spørsmålet er ganske vanskeleg å svare på. Ettersom det er mange typar utslepp og mange måtar å sjå ting på, er det fleire svar.
Cocktail for klimaforskarar
For ein klimaforskar er transportsektoren spanande ettersom ei blanding av ulike utslepp fører til svært forskjellige kjemiske og fysiske prosessar. Ein del utslepp er oppvarmande, som CO₂; andre er nedkjølande, som lyse partiklar. Dessutan varierer effektane med tid, slik at utslepp av CO₂ vil påverke klimaet i hundrevis av år, mens utslepp av partiklar har langt kortare påverknad. Nitrogenoksider (NOx) vil påverke både ozon og metan og dermed vere både oppvarmande og nedkjølande, alt etter tidsperspektivet.

Eit fly høgt i atmosfæren gir andre påverknader enn ein bil på landjorda eller eit cruiseskip i Arktis. I tillegg til drivhusgassar, ozonforløparar og partiklar, har luftfart ein ekstra joker, der fly fører til danning av kondensstriper og fjørskyer. For ein del av desse kortlevde effektane er det usikkert kor stor klimaeffekten er.
Alt avhengig av perspektiv
Å halde styr på utsleppa frå transport er ikkje rett fram. Transportsektoren står for ca. 30 prosent av dei norske klimagassutsleppa, med litt slingringsmonn – avhengig om motorsager og liknande blir definert som transport. Figur 1 viser at dei største utsleppa kjem frå personbilar, tunge køyretøy, sjøfart og anleggsmaskiner. Ein del av desse utsleppa, bl.a. bruk av personbilar, skuldast reisevanane våre. Denne statistikken, som er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), tar ikkje med alt. Vi nordmenn reiser til, frå og i utlandet, noko som ikkje er med. Klimaeffekten av kondensstriper og partiklar er heller ikkje inkludert.




