Regjeringas klimaoppdrag: Alt må gjerast og alle må med

NY RAPPORT: Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) mottek rapport frå Miljødirektoratets direktør Ellen Hambro (t.h.) om klimatiltak i Norge mot 2030. Foto: Gorm Kallestad / NTB
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Det er hovudbodskapen i rapporten «Klimatiltak i Norge mot 2030»som Miljødirektoratet har utarbeida på oppdrag frå regjeringa. Rapporten har greia ut over 80 klimatiltak som i sum vil kunne bidra til at norske utslepp i 2030 vil vere 53 prosent lågare enn i 1990. For å kome opp i 55 prosent, som er regjeringas omstillingsmål, må ein supplere med ytterlegare tiltak.
Karbonfangst og -lagring (CCS) og elektrifisering (av sokkelen og transportsektoren) er dei to tiltaka som vil gi størst utsleppskutt dette tiåret, men ikkje ein gong dette vil vere tilstrekkeleg. Det trengs innsats over heile fjøla – både stort og smått. Lista under dekker 75 prosent av utsleppspotensialet som Miljødirektoratet har greia ut:

Verkemidla som kan utløyse naudsynte utsleppskutt er for det meste godt kjent. Unnataka er kanskje desse to som begge rettar seg mot industrien:
- Omvendt CO₂-avgift:For å få fart på utrullinga av CCS luftar Miljødirektoratet eit forslag om å innføre ein omvendt CO₂-avgift. Framfor å betale avgift på CO₂-utslepp får industriaktørar betalt per tonn CO₂ dei klarar å fjerne/lagre.
- Krav til mottakarar av CO₂-kompensasjon:Noreg brukar milliardar kvart år på CO₂-kompensasjon til industrien. I Finland stiller myndigheitene krav om verksemder som får CO₂-kompensasjon må bruke minst 50 prosent av støtta på klimatiltak. I følgje Miljødirektoratet er det mogleg å redusere meir enn fire millionar tonn CO₂e i 2030 frå aktørar som i dag mottek CO₂-kompensasjon.
Politisk er det også interessant å merke seg at Miljødirektoratet ikkje foreslår å auke bruken av flytande biodrivstoff mot 2030. Sjølv om dette ville gitt Noreg større utsleppskutt på papiret, minner direktoratet om at biodrivstoff i dag har betydelege berekraftsutfordringar. I tillegg til at det er dyrt.
På pressekonferansen der rapporten blei presentert sa klima- og miljøminister at særleg tiltak som rettar seg mot folks vanar og kosthald blir krevjande å handtere politisk. Det er ikkje vanskeleg å gi han rett. Vi hugsar alle «Kjøttfri middag er ikkje middag»-utspelet til Senterparti-politikarane Geir Pollestad og Sandra Borch tidlegare i vår.

