Venstres klima- og energipolitikk mot 2017
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Her analyserer vi Venstres førsteutkast til nytt stortingsvalprogram (pdf).
Hovudinntrykk
Venstre viser i utkastet til nytt stortingsvalprogram at partiet er på leit etter kreative løysingar og kjem med fleire framlegg som peikar i riktig retning. Partiet har lang tradisjon som eit miljøparti, men det er gjennom samarbeid i fleirtalskonstellasjonar at partiet sine idear kan få gjennomslag. Det er difor strategisk viktig at partiet leiter etter saker som kan vinne brei støtte hos dei store partia, gjerne på båe sider.
Om ein tel talet på kulepunkt, er det liten tvil om at Venstre har store ambisjonar på klima- og energifeltet for neste stortingsperiode. Men faren med å fylle eit stortingsvalprogram med for mange tiltak, i stort og smått, er at prioriteringane lett kan forsvinne. Om eit år kan Venstre sitte i regjeringsforhandlingar, og då er det viktig at partiet veit å prioritere dei store strukturelle tiltaka, ikkje dei små symbolsakene.
Innhaldet
Globalt
I arbeidet med å hindre global oppvarming på meir enn to gradar, vil Venstre ha ein ny
forpliktande klimaavtale som stiller strengare krav til utsleppskutt i dei rike landa, samtidig som og utviklingsland må godta utsleppsavgrensingar. Norge skal vere ein pådrivar i arbeidet for å sette ein internasjonal pris på CO₂ og utvikle og organisere internasjonale karbonmarknader.
Europa
Venstre ser på EU som motoren i det internasjonale klimaarbeidet, og partiet tek til ordet for å utvide og styrke dagens europeiske kvotesystem. Som eit ledd i å gjere Noreg til Europas «grøne batteri», foreslår programkomiteen at norske vasskraftmagasin i større grad vert nytta som effektreserve for vindkraft i Europa. Det er og behov for fleire utanlandskablar, slår programutkastet fast.
Noreg
For Venstre er klimaforliket ein «forsiktig start på klimaarbeidet». Partiet vil heve ambisjonsnivået og foreslår CO₂-kutt på 40 prosent innan 2020 (mot klimaforlikets mål om 20 prosent). Partiet understreker at den norske regnskogsatsinga må kome i tillegg til, ikkje i staden for, eigne utsleppskutt. Venstres programkomite foreslår vidare at Klima- og forureiningsdirektoratet, til dømes gjennom ein klimalov, må få i oppdrag å gjennomføre årlege evalueringar av klimapolitikken og vurdere om det trengs nye tiltak for å nå vedtekne utsleppsmål.
Den føreslåtte fornybarsatsinga inkluderer mellom anna oppretting av eit eige bioenergiprogram i regi av Enova, utarbeiding av ein samla havvindplan og realisering av fullskala pilotprosjekt for havvind. Vidare står det i utkastet at partiet vil "stimulere" til bruk og produksjon av solcelle- og soloppvarmingsteknologi, men utan å forklare korleis. Programkomiteen foreslår og ei rekkje "grøne" skatteendringar, slik som auka CO₂-avgift på fossile energiformer. For å stimulere til meir vindkraft vil partiet innføre naturressursskatt eller konsesjonsavgift. Vi går ut i frå at dette er meint som lokkemiddel til slunkne kommunekassar? Venstres programkomité foreslår og like skattereglar som i Sverige på fornybar energiproduksjon, utan å forklare kva desse reglane går ut på.