Vi og Venstre i Vestland er
villige til å ta utfordringa. Vi trur det er mulig, og at Vestland
kan bli fossilfritt fyrst i Noreg. Hovudårsaka til det, er tempoet
og trykket næringslivet på Vestlandet no set inn i grøn
omstilling. Små og store bedrifter i by og bygd finn nær sagt månad
for månad nye, betre, grønare løysingar som fører oss nærare
målet om eit fossilfritt samfunn.
Helene Frihammer teiknar sjølv opp eit "vegkart" i fire punkt for at kommunar og fylke i Vestland kan bli fossilfrie i 2030: Fossilfri energi, fossilfri transport, fossilfrie hamner/maritim sektor og grøne næringsmoglegheiter.
På
alle desse punkta er det etter Venstre sitt syn råd å kome i mål
til 2030. Innanfor energi har til dømes Eid i Sogn og Fjordane synt
at ein med å varme opp bygg med vatn frå fjorden (Fjordvarme), kan
oppnå rein og billeg oppvarming skreddarsydd naturen på Vestlandet.
Det er også i åra framover fullt mulig å bygge med
passivhusstandard og investere i solcellepanel og andre former for
lokal energilast med god lønsemd for eksisterande bygg – dersom
politisk vilje lokalt er til stades. Vestland fylke kan som byggherre
syne veg, og gjere alle fylkeskommunale bygg klimanøytrale i god tid
før 2030.
I transportsektoren går utviklinga mot fossilfrie løysingar i eit enormt tempo. Heile ferjeflåten vil vere bytt ut til nullutsleppsferjer før 2030. Nyleg annonserte Widerøe at dei framskundar sine planer om å få kortbanenettet over på elektriske fly frå 2040 til 2030. Utskiftinga av bilparken pågår for fullt. No gjenstår snart berre "klimaversting nr 1" innan transport i Vestland: Hurtigbåtane. Venstre vil gjere det vi kan for å få på plass krav om nullutsleppsløysingar også her i åra som kjem.
Venstre
har vore ein pådrivar for å få auka dei statlege løyvingane til
utvikling av ny, klimavenleg transport til sjøs og hamner med
ladeinfrastruktur. No kjem dei fyrste hamnene med landstraum også i
Vestland. Med nye strenge miljøkrav til cruisetrafikken og rivande
teknologisk utvikling på alle typar skip ligg alt til rette for at
sjøtransporten på Vestlandet både aukar og blir fossilfri.
Venstre
trur ein ny og større region på Vestlandet kan ha musklane dagens
fylkeskommuner ikkje har for å ta det store spranget over i ei
fossilfri framtid. Eit "Fossilfritt Vestland" er eit
perfekt felles dugnadsprosjekt der både storby og distrikt i nye
Vestland kan spele på lag – og ha ei rolle i å nå felles mål.
Samtidig
treng vi at staten stiller opp og backar oss på vegen. Når Noreg
har leia an globalt i overgang til elbil, er det fordi staten har
prioritert det over statsbudsjettet og sett bilkjøparane i stand til
å gjere klimarette val. Det same spleiselaget må staten då vere
med på i den store dugnaden for å gjere Vestland fossilfritt.
Venstre
har leia an i norsk miljøkamp i 50 år. Å bryte ny veg i
miljøpolitikken har tradisjonelt vore ein seig kamp mot dei store,
etablerte partia på raud og blå side av politikken – Ap og Høgre.
No er verda i ferd med å
endre seg. Næringslivet og ungdommen er no like utålmodige i å
krevje ein raskare veg mot ei fossilfri framtid – det er opp til oss
politikarane å henge med i svingane. Der vil vi vere. Venstre vil
gjere reisa fram mot eit fossilfritt Vestland til sak nr 1 for eit
nytt, grønt Fylkesting hausten 2019.