Blackrock-rapport om risiko ved feilprising av fysiske klimaendringar

Investeringsfondet Blackrock meiner investorar ikkje prisar konsekvensane av fysiske klimaendringar – som havstiging, orkanar, skogbrannar og tørke – høgt nok.

Rapporten «Getting physical: Scenario analysis for assessing climate-related risks» inneheld lettforståelege klimadata for USA – data som bør vere interessant for alle som investerer i den amerikanske marknaden.

Prosjektet Klimarisiko – finans og børs i regi av Norsk klimastiftelse er støttet av Finansmarkedsfondet og går av stabelen i 2018 og 2019. 

Mellom anna kan ein lese at 58 prosent av amerikanske storbyområde vil oppleve klimarelatert fall i BNP på minst 1 prosent i 2060–2080. I delar av Florida kan BNP-tapet bli på opptil 15 prosent som følge av kystnære stormar. Ekstremvarme kan også bli dyrt: 26 prosent av storbyområda i USA vil i same periode oppleve meir enn 100 dagar per år med over 35 gradar celsius, mot berre 1 prosent i dag.

Rapporten forsøker å gi svar på kva alle desse endringane får å seie for verdiane knytt til kommunale obligasjonar, næringseigedom og kraftaksjar.