Ekspertintervjuet: Ikkje imponert over klimadommen
Energi og Klima:– Staten vart frifunnen, men miljøorganisasjonane meiner dei vann på punktet om klima som ein menneskerett. Er det ein grei samanfatning?
Jørn Øyrehagen Sunde: – Ja, det vart 2-1 til Regjeringsadvokaten, om ein skal oppsummera. Samstundes har miljøorganisasjonane vunne ein viktig siger: Retten slår fast at Grunnlovens paragraf 112 verkeleg kan brukast til å prøve lover og forvaltningsvedtak. Det er ei fundamental avgjerd som får konsekvensar for framtida uansett. Det betyr at ein må leggja opp prosessar knytt til miljørett og miljølovgjeving på ein slik måte at det toler prøving i domstolane. Det er ikkje overraskande, for Regjeringsadvokatens argumentasjon på det punktet var rett og slett uhaldbar. Den blir også grundig avfeia i dommen, med å vise til forarbeida til nye paragraf 112.
Men på dei interessante spørsmåla som følgjer av dette, vel domstolen å gjere det altfor enkelt for seg sjølv. Dei hopper gjennomgåande over gjerdet der det er lågast, og bryt det av og til ned for å få det lågt nok.
– Kva meiner du med det?
– Når tingretten slår fast at eit reint miljø er ein menneskerett, er dei heilt på linje med Menneskerettsutvalet. Samstundes vel dei å ikkje ta følgjene av det Menneskerettsutvalet også skreiv: At denne retten finst allereie, men er for lite brukt, og må styrkast. Altså seier utvalet då at terskelen for rettsleg prøving må senkast. Det tek ikkje domstolen omsyn til. Når ein seier at denne paragrafen har eit prøvingsvern, må ein passe han inn i eksisterande prøvingslære. Når det kjem til liv, helse, demokratisk deltaking og andre fundamentale menneskerettar, skal prøvingsterskelen være låg. Den skal være noko høgare for saker som gjeld samfunnsøkonomiske spørsmål, og ein skal vere særskilt varsam med sakar som gjeld intern maktfordeling mellom statsmaktene. Men dei drøfter det ikkje .
Dei kunne til dømes sagt at klimasaka også omhandlar samfunnsøkonomi, og då må terskelen vere noko høgare. Det ville vore ei dristig tolking, og etter mi meining feil, men då ville dei i alle fall argumentert. I staden gjer dei det så enkelt for seg sjølv at dei seier det ikkje er vår oppgåve å vurdere nivået. Og til slutt: Tingretten er dei første til å prøve ein slik sak etter denne paragrafen. Då har dei plikt til å avklare saka. Ein kan ikkje forvente eit fullstendig bidrag, men i det minste eit utgangspunkt som ein kan byggje framtidige avgjerder på. Her overlèt dei avgjerda til Høgsterett. Det er ikkje oppgåva til ein domstol.
