#Elektrisktransport: Elbilandelen går kraftig opp i Norden

KINESISK TOPPAR I SVERIGE: Stadig fleire bilkjøparar i dei nordiske landa vel elektrisk. I Sverige var Polestar 2 den mest selde elektriske personbilen i oktober. Foto:
I nyheitene no:
I denne utgåva av #Elektrisktransport tek vi for oss det norske, danske og svenske elbilsalet i oktober - i tillegg til dei største bilmarknadene i Europa.
Noreg
I oktober blei det selt 12 948 personbilar i Noreg. For andre månad på rad passerte elbilandelen 60 prosent. Ser ein 2020 under eitt står elbilar for 52 prosent av det norske nybilsalet.
Reine fossilbilar er i ferd med å bli utradert frå den norske personbilmarknaden. Kun 5,9 prosent av bilane som blei selt i oktober var bensinbilar, mens dieselbilar stod for 5,5 prosent.
Som i september var Volkswagen ID.3 også i oktober Noregs mest populære elbil, men ikkje berre det: Det var også den mest selde personbilen - med ein samla marknadsdel på 19,1 prosent av nybilsalet i oktober (2 475 køyretøy).
Danmark
Den danske bilmarknaden er litt større enn den norske - med 15 071 selde personbilar i oktober. Elbilandelen enda på 7,3 prosent (1 097 køyretøy). Det er Danmarks nest beste elbilmånad nokon sinne. For heile 2020 er elbilandelen per oktober 5,5 prosent - mot 2 prosent for heile 2019.
Reine fossilbilar stod for 76 prosent av nybilsalet i oktober (bensin 54 prosent, diesel 22 prosent). Den gode nyheita er at fossilandelen var over 90 prosent i oktober 2019.
Danskanes føretrekte elbil i oktober var VW ID.3, men marknadsandelen her var på kun 1,2 prosent (187 køyretøy). Peugot 208 var Danmarks mest selde personbil i oktober (625 køyretøy).
