#Elektrisktransport: Elbilens bygdeproblem

VIL FYLLE BENSIN OG DIESEL: Stadig fleire seier nei til målet om å fase ut nye fossile personbilar frå 2025. Motstanden mot utsleppsfritt nybilsal er størst på bygda. Foto: Berit Roald / NTB
Gå inn på denne sida for oppdatert elbilstatistikk for Norden og Europa.

I denne utgåva av #Elektrisktransport har eg vald ut desse nyheitene:
1. Bygde-Noreg tviheld på dieselbilen
Det har i mange år vore eit tverrpolitisk mål i Noreg at nye personbiler skal vere nullutsleppskjøretøy i 2025. Den folkelege støtta til dette målet har forskarar ved Universitetet i Bergen og NORCE undersøkt kvart år sidan 2016 ved å spørje Norsk medborgarpanel – eit representativt utval på fleire tusen personar. Ferske data viser at støtta til 2025-målet går jamt og trutt nedover – frå 43 prosent i 2017 til 31 prosent i 2021.
Svara viser at jo lenger unna storbyane ein kjem, jo lågare oppslutnad får elbilen. Medan nesten halvparten av dei som bur i storbyane støttar forslaget om berre å tillate sal av nullutsleppsbilar frå 2025, meiner 22 prosent av dei som bur i bygdesentrum det same. Blant folk som bur endå meir spreitt, får forslaget støtte frå kun 13 prosent.
By og land-dimensjonen går også igjen i nybilstatistikken. I Vestland fylke, som består av gamle Hordaland og Sogn og Fjordane, er andelen elbilkjøparar i førstnemnte over dobbelt så høg som i fjordfylket. Med 72 prosent elbilandel er Hordaland best i landet på elbil, mens Sogn og Fjordane med 35 prosent ligg i motsett ende av skalaen saman med Finnmark (28 prosent).
Sakleg sett er det i 2021 ingen grunn til at folk på bygda skal vere meir kritisk til elbil enn folk i byane. Modellutvalet blir betre månad for månad og billegare batteriteknologi gir stadig lenger rekkevidde. Kjøpte du som meg ein Nissan Leaf rundt 2013, kom du ikkje lenger enn 150 kilometer per lading. Nokre år seinare var standarden 250 kilometer. I dag vil ein ny elbil klare både 400 og 500 kilometer før ein må lade. Det er nok til å fjerne rekkeviddeangsten dei aller fleste stadar – også mellom fjord og fjell.


