#Elektrisktransport: Elbilrevolusjon på gang i USA?

General Motors er USAs største bilprodusent. Her er CEO Mary Barra som nyleg annonserte ambisjonen om at GM ikkje skal selje bensin- og dieselbilar i 2035. (Foto: Steve Fecht / General Motors)
Denne månadens #Elektrisktransport er i sin heilskap via til USA - der senatet no har godkjent Pete Buttigieg (39) som ny transportminister. Transport er den sektoren med dei største klimagassutsleppa i USA, så Buttigieg blir ein viktig person for gjennomføringa av Bidens klimaambisjonar.
Bidens signal til bilindustrien
Biden-administrasjonen har allereie rokke å lansere fleire viktige initiativ for ein grønare transportsektor:
Det er få detaljar av det som har blitt annonsert som er kjent, så vi veit eigentleg ikkje kor ambisiøse dei nye initiativa er. Det vil til dømes vere stor skilnad på om utskiftinga av statens bilar skal skje over fire eller fjorten år.
Men det som er klart er at bilindustrien har fått kraftige styringssignal frå den nye administrasjonen om at framtida er elektrisk. Eit umiddelbart resultat er at dei store bilprodusentane har trekt seg frå klimasøksmålet mot California – der formålet var å stoppe delstatens særeigne utsleppskrav.
Nye toner frå General Motors og Ford
Ein viktig aktør å følge med på er General Motors (GM) – USAs største bilprodusent og til no ein sinke når det kjem til elektrifisering. I 2020 selde GM kun 20 000 elbilar på verdsbasis – mot Volkswagens 230 000 og Teslas 500 000.
Med Mary Barra som CEO har General Motors i fleire år jobba med å endre kurs, men etter at Biden vann haustens presidentval har kommunikasjonen om «nye GM» verkeleg blitt spissa til: Ikkje berre har dei trekt seg frå søksmålet mot California. Fram mot 2025 skal dei lansere 30 elbilar globalt (i dag er t GMs einaste elbil) og i 2035 er ambisjonen at personbilsalet skal vere .




