Lukkast Macron og Merkel med sin nye elbilsatsing, vil det kunne gi ein kraftig «boost» for elbilens marknadsposisjon. Ikkje berre i Frankrike og Tyskland, men i heile Europa. Av dei omlag 15,8 millionar bilane som blei selt i EU+EFTA i 2019, stod Tyskland og Frankrike for 37 prosent. Legg ein til Storbritannia, er det snakk om halvparten.
I ei undersøking omtalt av Clean Energy Wire seier 21 prosent av tyskarane at dei no ønsker å kjøpe seg ein elbil. Det gir håp.
Det store biletet:Bloomberg New Energy Finance skriv i årets utgåve av Long-Term Electric Vehicle Outlook at det globale bilsalet vil falle med 23 prosent i 2020 som følgje av Covid-19, og at ein må vente til 2025 før marknaden er tilbake på 2019-nivå. Salet av elbilar vil falle 18 prosent i året vi er inne i, men at nedgangen er midlertidig. Elbilens del av verdas nybilsal vil auke frå 3 til 7 prosent fram mot 2023 – mellom anna på grunn av offensiv politikk i Europa og Kina. Rapporten blei lansert før innhaldet i krisepakkene til Frankrike og Tyskland blei offentleg.
Tesla-partnar lovar lenger levetid for bilbatteria
Nyheita:Den kinesiske batteriprodusenten CATL, som samarbeidar både med Tesla og Volkswagen, seier dei er klar til å levere batteripakkar med levetid på 16 år – dobbelt så lenge som dagens garantiar gitt av bilindustrien.
Bakgrunn: Det var i eit intervju med Bloomberg at CATL-sjef Zeng Yuqun fortalte at selskapet kan produsere bilbatteri som kan levere 1,2 millionar køyrde miles – omlag to millionar kilometer – over 16 år. Bransjestandarden i dag er at batteri blir levert med ein garanti på 150 000 køyrde miles og åtte år. Det nye batteriet skal vere 10 prosent dyrare, men for industrien kan batteri med så lang levetid likevel representere reduserte kostnader fordi batteriet kanskje kan brukast i ein bil nummer to. Elon Musk har tidlegare annonsert at Tesla vil kome med eit batteri som kan klare meir enn ein million miles. Men om Tesla står øvst på CATLs leveringsliste, veit ein ikkje. CATL har også relasjonar til BMW, Daimler, Honda, Toyota, Volkswagen and Volvo. Les også i The Driven og BBC.
Nordisk undersøking: Elbil mest populært blant nordmenn
Nyheita: 26 prosent av alle nordmenn seier deira neste bil skal vere ein ny eller brukt elbil. Det er markert fleire enn i fjor. Ny eller brukt dieselbil kjem på andre plass med 18 prosent. Det viser Nordisk Elbilbarometer 2020.
Barometer:Nordisk Elbilbarometer er ei årleg undersøking som målar interessa for elbil blant innbyggarar over 18 år i Island, Sverige, Danmark, Finland og Noreg. Årets undersøking er det tredje i rekka. Ikkje overraskande er elbilinteressa størst i Noreg. 18 prosent av nordmenn svarar at neste gong dei skal kjøpe bil så skal det vere ein ny elbil (mot 13 prosent i 2019), medan 8 prosent svarar at dei vil kjøpe ein brukt elbil (7 prosent i 2019). Sidan undersøkinga har spurt alle nordmenn over 18 år – også dei som ikkje har tenkt å kjøpe bil (som er 10 prosent av dei spurde) – kan ikkje resultata samanliknast med elbilens faktiske del av nybilsalet. Så langt i år er halvparten av alle bilar selt i Noreg elbilar.
Toyota har ikkje lenger høgast marknadsverdi
Nyheita:Med ein aksjekurs på over 1000 dollar, er Tesla no verdas mest verdifulle bilprodusent.
Bakgrunn:Covid-19 har ramma den globale bilindustrien hardt, men med ulik varigheit og styrke. Teslas aksjekurs er no tilbake til det høge nivået som selskapet hadde før vi blei satt i lockdown. Den 10. juni blei Tesla-aksjen omsett for meir enn 1000 dollar - som gir selskapet ein marknadsverdi på over 180 milliardar dollar. I midten av mars var kursen godt under 400 dollar. Ei forklaring på Teslas raske gjenreising svært gode salstal for Model 3 i Kina i mai. I tillegg har konkurrentane gjort det tilsvarande dårleg, skriv Electrek. Toyota, som tidlegare har trona øvst på lista over dei mest verdifulle bilprodusentane i verda, har sett marknadsverdien falle med 7 prosent sidan starten av året.
Beijing vil premiere dei som køyrer elektrisk eller let bilen stå
Nyheita:Myndigheitene i Beijing har lansert eit prosjekt med utsleppskredittar retta mot private bileigarar. Føremålet er å få fleire til å la bilen stå eller gå over til elbil.
Bakgrunn:Beijing er ein av mange byar i Kina med store trafikk- og utsleppsproblem. I eit forsøk på å adressere nettopp dette lanserte myndigheitene i førre veke eit system som opnar for at private bileigarar kan selje utsleppskredittar til næringslivet. Systemet går ut på at ein opparbeider seg utsleppskredittar ved å la bilen stå eller køyre elektrisk framfor fossilt. Deretter kan ein selje det ein har tent av kredittar til verksemder som må kompensere for CO₂-utsleppa sine. Myndigheitene har mål om å rekruttere ein million deltakarar til prosjektet.