Australias største kolkraftverk blir batteripark

I 2025 ER DET SLUTT: Origin Energy skulle etter planen stenge kolkraftverket Eraring, som er Australias største, i 2032. Onsdag blei nedstenginga framskunda til 2025. Foto: Nick Pitsas, CSIRO (via WikiCommons)
Stenger ned kolkraftverk fordi sol og batteri er billegare
Torsdag annonserte energiselskapet Origin Energy at dei planlegg å stenge ned kolkraftverket Eraring i 2025. Med ein kapasitet på 2,88 GW er Eraring Australias største kolkraftverk. Adm. direktør Frank Calabria forklarar vedtaket i selskapets pressemelding med at kolkraftverkets økonomi blir pressa stadig hardare frå «reinare og billegare produksjon, inkludert sol, vind og batteri».
Eraring leverer i dag 20 prosent av elektrisitetsproduksjonen i New South Wales. Delstatens energiminister Matt Kean måtte derfor rykke ut etter Origins offentleggjering med forsikringar om at ein framskunda nedstenging ikkje vil gå ut over forsyningstryggleiken. Delstatsmyndigheitene vil som respons støtte bygging av ein batteripark på 700 MW, The Waratah Super Battery. I tillegg: På området der Eraring-kraftverket står i dag ønsker også Origin å etablere ein batteripark på 700 MW.
Det store biletet:Kolkraft står i dag for 60 prosent av Australias straumforsyning. Meldinga frå Origin Energy tyder på at marknadskreftene no er i ferd med å gjere den jobben australske politikarar burde gjort for lengst: erstatte klimaverstingen kol med fornybar energi. I førre veke var det energigiganten AGL som varsla at dei framskundar nedstenging av sine to største kolkraftverk med fleire år. Grunngjevinga er den same som for Origin: økonomi.