BPs nye strategi: Endeleg «Beyond Petroleum»

MEIR AV DETTE: BP skal investere langt meir i fornybar energi fram mot 2030. Fornbyarporteføljen skal aukast frå dagens 2,5 GW til 50 GW. Her frå vindparken Cedar Creek i Colorado/USA som BP eig 50 prosent av. Foto:
Då er vi tilbake frå sommaren med #Fempåfredag – nyheitsbrevet der redaksjonen i Energi og Klima presenterer fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.
BPs nye kurs skapar begeistring
Nyheita:Då oljegiganten BP denne veka la fram resultatet frå andre kvartal, var det ikkje milliardtap og utbyttekutt som fekk mest merksemd, men selskapets nye strategi som legg opp til å gjere BP til ein grøn gigant i løpet av ti år.
Bakgrunn:2020 kan gå inn i historia som året då BP for alvor tok steget «beyond petroleum» - vel 20 år etter at slagordet blei lansert første gong. Det starta i februar i år, ei veke etter at Bernard Looney overtok som ny CEO, med at det britiske oljeselskapet la fram ein ambisjon om at selskapets klimagassutslepp skal nå netto null i 2050. I juni justerte dei ned forventningane til framtidige olje- og gassprisar, med store nedskrivingar som resultat. Og så, denne veka: I samband med framlegging av resultatet frå andre kvartal, presenterte Looney og styreleiar Helge Lund BPs nye strategi som detaljert viser korleis selskapet skal nå klimaambisjonen presentert i februar. Selskapet skal slutte å leite etter fossil energi i nye land og redusere olje- og gassproduksjonen med minst 40 prosent innan 2030. Samstundes skal BP flytte store deler av investeringsbudsjettet i grøn retning. Selskapet skal det neste tiåret tidoble investeringane i fornybar energi og annan klimateknologi til 5 milliardar dollar per år. Den fornybare energikapasiteten skal aukast frå 2,5 GW til 50 GW. Hydrogen, bioenergi og elbil-infrastruktur er andre satsingar. Selskapet skal framleis investere i olje og gass, men det er ikkje her selskapet skal vekse.
Det store bilete:Oljeselskap verda over møter stadig sterkare press om å tilpasse forretningane ei framtid der fossil energi vil og må fasast ut. Det siste året har mange oljeselskap, spesielt europeiske, vedteke langsiktige utsleppsmål for å møte denne kritikken. Det spesielle med BP er difor ikkje målet om å bli eit energiselskap med netto nullutslepp i 2050, eller ambisjonen om å investere mykje meir i fornybar energi. Det nye er at BP varslar at omsynet til klimaet også får konsekvensar for dagens kjerneaktivitet - produksjon av olje og gass. Andrew Grant i Carbon Tracker Initiative skriv at «BP take climate issues by the horns» og spør kva andre oljeselskap som no følgjer etter. Grant gjer også eit poeng – som fleire medier denne veka – at då den nye strategien var kjent, sjølv om selskapet også kommuniserte kutt i aksjonæranes utbytte. Også har respondert positivt på BPs strategi. Dei skriv at alles auge no rettar seg mot Shell og dei andre oljeselskapa. Greenpeace kritiserer derimot BP for ikkje å adressere eigarposten på 20 prosent i Rosneft. Produksjonen til den russiske oljeselskapet er ikkje ein del av BPs produksjonskutte på 40 prosent, skriv .
