Danmark inviterer Noreg til å setje sluttdato

Eit dansk-leia initiativ vil få oljeland til å setje sluttdato. Les også: Kolsvart omstart etter pandemien, Wales satsar på småskala kjernekraft og Mærsk bygger skip som kan gå med grøn metanol.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Olje og gass blir tema i Glasgow

Under klimatoppmøtet i Glasgow i november vil Danmark og Costa Rica lansere ein allianse for stans i olje- og gassproduksjon – the Beyond Oil and Gas Alliance (BOGA).

Det er ikkje første gang BOGA har blitt nemnt for offentlegheita, men saka som Reuters publiserte onsdag denne veka gir den mest utfyllande presentasjonen av initiativet til no. Land som New Zealand, Portugal og Spania har alle medlemskap til vurdering og vil truleg slutte seg til det nye initiativet. Noreg blir også nemnt i artikkelen som eit potensielt land som initiativet vil rette seg mot. Utkastet til statuttar, som Reuters har fått innsyn i, viser at fullt medlemskap krev to klare forpliktingar:

  • Sluttdato for all produksjon av olje og gass.
  • Stans i tildeling av nye lisensar på sokkelen.

Sjølv har Danmark satt 2050 som sluttdato for eigen produksjon.

Initiativtakarane vurderer også å opne opp for eit B-medlemskap for dei som ikkje vil setje sluttdato, men «berre» er villig til å gjere noko med den offentlege finansieringa av olje og gass.

Formålet med BOGA skal vere å setje ein ny standard for klimaleiarskap, ifølgje initiativtakarane. Klimaminister Dan Jørgensen frå Danmark seier til Reuters at det er eit paradoks at mange land set mål om karbonnøytralitet, men likevel planlegg å produsere olje og gass lenge etter at målet skal vere nådd.

Sjølv om det ikkje kostar veldig mykje for små oljeland som Danmark og Costa Rica å setje ein sluttdato, vil initiativet tvinge fram ei ny sak på agendaen i det internasjonale klimaarbeidet. Det blir ikkje lett for siviliserte oljeproduserande land – som Noreg og Storbritannia – å blankt avvise det dansk-leia initiativet. Sistnemnte er til og med vert for haustens viktige klimatoppmøte.

Mærsk opnar for bruk av grøn metanol

Danske Mærsk har bestilt åtte nye containerskip som alle skal kunne gå på grøn metanol – i tillegg til tradisjonelt fossilt drivstoff. Skipa skal byggast i Sør-Korea og vere på sjøen i 2024. Ekstrakostnaden ved å klargjere skipa for metanol er 10-15 prosent. 

Frå før er det kjent at Mærsk har bestilt eit nytt feeder-skip (eit mindre containerskip som går i fast rute) som skal gå på grøn metanol i 2023. Mærsk inngjekk også nyleg partnarskap med danske REintegrate og European Energy om leveranse av grøn metanol til dette skipet. 

Containermarknaden er i kraftig vekst og det vert kontrahert mange nye skip. Men Mærsk er nokså åleine om å bestille skip som kan gå på meir klimavenlege drivstoffalternativ enn LNG, skriv Financial Times

Mærsk på si side viser til at store vareeigarar som Amazon og Microsoft er i ferd med å sette klimamål for heile verdikjeda – som igjen vil legge press på skipsfarten om å kutte utsleppa. Sjølv har Mærsk satt mål om karbonnøytralitet i 2050 – og uttrykt ein klar ambisjon om at kommersielle nullutsleppsteknologiar må vere klare innan 2030. 

Det er likevel eit stort MEN: Utan tilstrekkeleg tilgang på grøn metanol vil også Mærsk sine nye skip gå på fossilt drivstoff.

Småskala kjernekraft i Wales?

Kan svaret på aukande behov for rein kraft i industriområde vere små, modulære kjernekraftreaktorar? Det håpar walisiske myndigheiter, som no har tatt nye steg på vegen mot å realisere småskala kjernekraft i Trawsfynydd – eit område heilt nord i landet der det fram til 1991 var tradisjonell kjernekraftproduksjon i stor skala. Fordelen med teknologien ein no vurderer – for småskala kjernekraft – er at reaktorane kan byggast på eksisterande industriområde. Dermed kan også kostnadene takast ned.

Small Modular Reactors var ein av ti grøne industrisatsingar som Boris Johnson lanserte på tampen av 2020 og som den britiske regjeringa seier dei vil bruke millionar av pund på å realisere.

Tidlegare i sommar blei det også kjent at Warren Buffett og Bill Gates er med å støtte bygging av småskala kjernekraftreaktorar i kolstaten Wyoming i USA.

Kolsvart omstart etter pandemien

Klimagassutsleppa frå verdas straumproduksjon har gått kraftig opp i første halvår 2021 – samanlikna med første halvår 2019. Det viser oppdaterte data frå den britiske tankesmia EMBER (tidlegare Sandbag). Utsleppsauka er eit resultat av at vi bruker fleire TWh med elektrisitet no enn før pandemien, og at denne forbruksveksten er større enn veksten i ny sol- og vindkraftkapasitet. Kombinert med noko redusert kjernekraftproduksjon har dette bidrege til kraftig kolvekst.

Hovudproblemet er Kina. 90 prosent av den globale veksten i  elektrisitetsforbruk har funne stad her – som igjen har gitt fleire brukstimar for kinesiske kolkraftverk. Frå første halvår 2019 til andre halvår 2021 har Kinas kolkraftproduksjonen vekse med 337 TWh, mens verda utan Kina samla har redusert produksjonen med 84 TWh. Også i andre asiatiske land, frå Mongolia til Bangladesh, har veksten i elektrisitetsforbruk blitt dekka av auka kolkraft.  

Det er dessverre lite som tyder på at Kina endrar kurs med det første. Berre dei siste seks månadene har 24 nye kolkraftverk blitt godkjent av kinesiske provinsmyndigheiter. Samla har Kina godkjent over 100 GW med ny kolkraftkapasitet, skriv Reuters.

Vil du lese meir?

  • Nesten alle parti i Tyskland vil fase ut kolkraft lenge før 2038, mens fornybar energi stod for 92 prosent av all ny kraftkapasitet i USA i første halvår 2021.

Klimaendringar gjer ekstremflaumar meir sannsynleg

Det Oxford-leia forskingsinitiativet World Weather Attribution har som oppgåve å vurdere konkrete ekstremværhendingar i lys av klimaendringane. Denne veka publiserte dei resultatet frå analysen av det kraftige regnværet som i sommar forårsaka ekstremflaum i Tyskland og Belgia – og som tok livet av fleire hundre personar. Konklusjon: Menneskeskapte klimaendringar har gjort slike værhendingar i Vest-Europa opptil ni gongar meir sannsynlig.

Vil du lese meir? BBC er ein av mange internasjonale redaksjonar som har omtalt denne nyheita.