1

Støtt oss
Stillinger
1
Klimakalender

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 24. mai 2024
Sist oppdatert 24.5.2024, 14:32
Fem på fredag

EUs grøne giv har minska avstanden til 1,5-gradar­smålet

Dei siste fem åra har EU tatt viktige steg i retning 1,5-gradarsmålet, viser ein ny analyse. Men kva skjer etter Europaparlamentsvalet? Les også om nye kjernekraftplanar i Storbritannia og korallrev som slit i rekordvarmt hav.

En kvinne står bak et hvitt podium og gestikulerer med en hånd. Hun har på seg en lys blazer og snakker mot en knallrosa bakgrunn.

SATSAR PÅ ATTVAL: Ursula von der Leyen har vore Europakommisjonens president sidan desember 2019, og kan vise til gode resultat på klimafeltet. Men er veljarane nøgd, og vil dei gi henne fornya tillit ved Europaparlamentsvalet 6. – 9. juni? Det er parlamentet som vel kommisjonspresidenten, etter framlegg frå medlemslanda. Von der Leyen er den konservative partigruppa (EPP) sin kandidat. Foto: Johanna Geron/Reuters/NTB

Publisert 24. mai 2024
Sist oppdatert 24.5.2024, 14:32
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Von der Leyen kan vise til ein effektiv klimapolitikk

Prosjektet Climate Action Tracker har analysert klimaeffekten av «EU Green Deal» (EUs grøne giv) – det overordna reformprogrammet til Ursula von der Leyen då ho tiltredde som Europakommisjonens president for fem år sidan.

Analysen viser at EU no ligg an til å kutte 51 prosent av klimagassutsleppa i 2030 målt mot 1990. Det er framleis under målet på 55 prosent, men samanlikna med 2019 er det stor forbetring: Då var forventa utsleppsreduksjon i 2030 på «kun» 33 prosent. To politiske grep blir trekt fram som særleg viktige dei siste fem åra: auka ambisjonsnivå for fornybar energi og innstrammingar i EUs kvotemarknad.

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Våre nyhetsbrev

Du kan ombestemme deg når som helst ved å trykke på avmeldingslenken i bunnen av hver e-post vi sender deg, eller ved å kontakte oss på post@klimastiftelsen.no. Vi behandler alle personopplysninger konfidensielt. Her er personvernserklæringen vår. Ved å markere boksen under godtar du at vi behandler informasjonen om deg i henhold til denne erklæringen.

Vi bruker Mailchimp for å sende ut våre nyhetsbrev. Ved å abonnere på nyhetsbrevet godkjenner du at informasjonen du skriver inn blir sendt til Mailchimp for prosessering. Les mer om Mailchimps personvernerklæring her.

Spørsmålet er kva som skjer framover med EUs klimainnsats. The Institute for European Environmental Policy (IEEP) har spurt 312 ekspertar på klima- og energifeltet i Europa om kva dei trur blir utfallet av Europaparlamentsvalet i juni. Resultatet er nedslåande: 67 prosent av dei spurde svarar at dei forventar at EU-valet vil ha negativ påverknad på implementeringa av den grøne given. Sjekk ut detaljar i Green Deal Barometer, som også inneheld råd til den nye Europakommisjonen.

Vil du ha fleire analyser om året vi er inne i? Carbon Brief har spurt forskarar og andre ekspertar om kva dei trur blir dei største geopolitiske risikoane mot klimahandling i 2024.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ønsker å bygge nytt storskala kjernekraftverk i Wales

Britiske myndigheiter har avgjort at Wylfa, som ligg på øya Anglesey i Nord-Wales, blir lokasjon for eit nytt kjernekraftverk i gigawattklassen, meldar BBC. Storbritannia har mål om 24 GW kjernekraft innan 2050 – mot cirka 6 GW i dag. Frå før er Hinkley Point C i Somerset under bygging – eit prosjekt som har kravd mykje meir tid og pengar enn planlagt. Siste estimat er at kraftverket skal vere i full drift rundt 2031. Regjeringa har i tillegg gitt tommel opp for Sizewell C i Suffolk. Men når bygginga av dette kjernekraftverket vil ta til, er ikkje annonsert.

Det nye kjernekraftverket i Wales skal plasserast ved sida av det gamle kjernekraftverket i Wylfa som blei stengt ned i 2015. Sjølv om britiske myndigheiter alt har kjøpt tomta, er det mange hinder som må passerast for at prosjektet kan bli noko av. Ikkje minst må regjeringa finne ein utbyggar som kan gjennomføre prosjektet til ein pris myndigheitene er villig til å betale. Tidlegare har Financial Times meldt at energimonopolisten Kepco frå Sør-Korea skal vere interessert, men dette er ikkje stadfesta. BBC skriv at Wylfa-kraftverket neppe er klart før etter 2040.

Også Labour støttar bygging av nytt kjernekraftverk i Wylfa. Det nyleg annonserte parlamentsvalet 4. juli bør derfor ikkje få noko å seie for prosjektets politiske støtte.

Thailand: «Boiling, not warming»

Sitatet er henta frå ein sak frå Reuters om dei rekordhøge temperaturane som no er registrert i den austlege delen av Thailandsbukta som følge av ei regional hetebølgje. Målingar som er gjort skal ha vist over 32 °C både på havoverflata og under vatn, og konsekvensane for det marine livet er dramatisk: undersøkingar gjort i kystprovinsen Trat, som husar over 28,4 kvadratkilometer med korallrev, viser at 30 prosent av korallane opplever bleiking, som er ein stressreaksjon som følge av auka havtemperatur. 5 prosent av korallane har alt døydd. Biolog og myndigheitsperson Lalita Putchim uttalar til nyheitsbyrået at fleire korallar vil døy om temperaturane ikkje går ned.

Våre støttespillere

Les også: Under tittelen Why the world’s oceans are changing colour forklarar BBC kvifor havet endrar farge som følge av klimaendringane.

Svenske ekspertråd til COP16

Det er ikkje berre på klimafeltet vi har internasjonale COP-møter, det same har vi på biodiversitetsområdet (rett nok berre annakvart år). I år har vi kome til COP16, som er det første COP-møtet sidan vi fekk på plass Den internasjonale naturavtalen i 2022. I år er det meininga at partane som har signert naturavtalen, skal rapportere på korleis dei følgjer opp naturavtalen med eigne, nasjonale handlingsplanar. Vår eiga regjeringa har lova ein stortingsmelding om dette til hausten.

Nokon av dei som følgjer særs godt med på COP-møta på biodiversitetsfeltet, er Stockholm Environment Institute (SEI). Denne veka publiserte dei ein artikkel om kva deira forskarar meiner bør stå på agendaen under på COP16. Nokre stikkord: forbruk, forsyningskjeder, kystsamfunn og bioøkonomi.

COP16 finn stad i Colombia 21. oktober til 1. november.

Kan vi vente oss fleire humpete flyreiser?

Dei fleste som har flydd, har opplevd turbulens. Som regel er dette ubehageleg, men ikkje meir enn det. Det ein derimot reknar som svært alvorleg turbulens, som til og med kan føre til at passasjerane skadar seg fordi flyet gjer så bråe vendingar, skjer heldigvis veldig sjeldan.

Men, dette kan endre seg. For ifølgje Bloomberg risikerer vi hyppigare episodar med alvorleg turbulens som følge av klimaendringane. Nokon eksakt samanheng mellom klimaendringar og turbulens finst ikkje, men artikkelen viser til fleire studiar frå dei siste åra som konkluderer med at endra klima vil gjere turbulens verre i framtida. Andre igjen meiner å kunne dokumentere at denne utviklinga alt skjer. Kritikarane til det siste viser derimot til at den viktigaste kjelda til informasjon om turbulens er flygaranes rapportar, og at desse rapportane er svært subjektive.

Tida vil vise kva som er rett. I mellomtida: God tur!

ANNONSE
Bluesky

Les også

Sikkerhetsfolk og demonstranter støter sammen i et overfylt innendørsrom, der folk dytter og rekker opp hendene, noe som skaper en anspent atmosfære.

Frustrerende rapporter i Belém: Vi gjør ikke nok

Vi styrer fortsatt mot 2,6 graders oppvarming, men endelig er det noen som skryter av Norges klimamål: Climate Action Tracker gir oss pluss i margen. Les også om oljeboom i Sør-Amerika, sikkerhetstrusler på Island, ekstremvær i Asia og metanpolitikk i trøbbel.

14. november 2025
Les mer
To menn i dress, den ene vinkende, står utendørs mens folk i forgrunnen holder opp gule og røde blomsterbuketter.

Kina skuffer, men rykker fra

Denne ukens fem utvalgte: Kinas klimamål skuffer, Sverige bommer helt på sine, Brasil tar initiativ, kloden er i dårlig form og klimatilpasset sopp blir farligere for helsen.

26. september 2025
Les mer
En kvinne i blå kjole taler på et tydelig podium på en scene, mens fotografer tar bilder i et rom med blå belysning.

Klimapolitikken etter valget: Hvor går Høyre?

Oppvasken er i gang i Høyre etter valgnederlaget. Hvor partiet nå plasserer seg i klimapolitikken er veldig viktig. Det er stor strekk i laget.

11. september 2025
Les mer
Forstavnen på et stort rødt skip med navnet "JOHAN CASTBERG".

Hva skjer hvis EU lykkes i klimapolitikken?

I Norge ser mange aktører ut til å satse på at EU vil mislykkes med sin grønne omstilling. Det er en risikabel strategi.  

28. august 2025
Les mer
ANNONSE
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Svanemerket