1380 nye kolkraftverk under bygging eller planlegging

Polens siste? I EU er det Polen som har dei mest ekspansive kolkraftplanane. Det største einskildprosjektet heiter Ostroleka (1GW), kostar 1,6 milliardar dollar og skal etter planen kome i drift i 2023. Det er statseigde Energa SA’s and Enea SA som står bak. Illustrasjon:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Kolkraft trugar Parisavtalen: Torsdag publiserte tyske Urgewald og 28 andre internasjonale NGO’ar ei oppdatert liste over verdas 120 største kolkraftutbyggarar. Lista viser at 1380 nye kolkraftverk er under bygging eller planlegging i 59 land. Blir alle realisert betyr det over 670 GW i ny kolkraftkapasitet på verdsbasis. Av dette står Kina for 254 GW, India 84 GW og Japan 29 GW. I Urgewalds regionale oversikt kan ein også lese at kolkraftverk er under utvikling i 18 afrikanske land. 11 av desse har ingen kolkraftverk i dag. Ein viktig drivar mange stader er ønsket om meir gruveaktivitet. 46 av dei 120 undersøkte selskapa er også råvareprodusentar. På finansieringssida finn ein ofte statlege eksportkredittbyrå frå Kina, Japan og Sør-Korea, skriv Bloomberg. Om ein likevel skal peike på noko positivt, så er det at fjorårets gjennomgang viste meir enn 1600 nye kolkraftverk under bygging eller planlegging fordelt på 62 land, med samla kapasitet på over 840 GW. Årets oppdaterte Coal Plant Developers List (CPDL) finn du på www.coalexit.org/database
Viktig spesialrapport frå FNs klimapanel (IPCC): Denne veka har fleire titals klimaforskarar og myndigheitspersonar frå heile verda vore samla i Incheon i Sør-Korea for å finslipe på formuleringane i det som vert rekna som den viktigaste klimarapporten på mange år – IPCCs spesialrapport om kva som skal til for å avgrense temperaturstiginga til 1,5 eller 2°C. Rapporten «Global Warming of 1.5 ºC» vert offentleggjort 8. oktober og vil gi oss vitskapens skildring av gapet mellom der vi står no og der vi har mål om å vere, og presentere ulike utsleppsbanar som vil vere i tråd med Paris-avtalens ambisjonar. BBC omtalar rapporten som «Life changing», mens Washington Post skriv at forskarane strevar med å finne rette ord til å skildre dei dårlege klimanyheitene. Uansett kva som blir det endelege ordvalet, kan vi vente oss ein rapport som vil stresse behovet for raske og store utsleppskutt. For å forstå kva prosessar som ligg bak IPCCs arbeid, ta ein kikk på som WMO og UNEP gav ut denne veka. På sosiale medier er det emneknaggen #SR15 som gjeld.