CO₂-utsleppa ned i 2014

Dette er eit nytt fast innslag i Energi og Klima. Kvar fredag kl. 11 omtalar vi fem nyheitssaker vi har merka oss spesielt den siste veka. Jobben går på rundgang i redaksjonen.
Her er mine utvalde:
Historisk utsleppsreduksjon i Kina: For første gong sidan 2001 har utsleppa av CO₂ gått ned i Kina, melder Bloomberg New Energy Finance (BNEF). Basert på Kinas offisielle energistatistikk har BNEF estimert ein utsleppsreduksjon i 2014 på 2 prosent samanlikna med året før. Nedgangen skuldast ein kombinasjon av sterk vekst i fornybar energi, nedgang i kolforbruk og energieffektivisering. Utsleppsreduksjonen i Kina forklarer og den globale utsleppsreduksjonen i 2014, ifølge IEAs sjefsøkonom Fatih Birol. I eit intervju med Financial Times seier Birol det er første gang ein har opplevd global utsleppsreduksjon samtidig som verdsøkonomien har vekse. IEAs funn vil bli publisert i juni.
Solformørking 20. mars skapar hovudbry: Då Europa opplevde forrige solformørking i 1999, var det lite uro å spore hos dei nettansvarlege i Europa. No er situasjonen annleis. Solformørkinga 20. mars (ca. Kl. 09.30 – 12.00) har vore på agendaen til ENTSO-E, den europeiske paraplyorganisasjonen for kraftsystemoperatørar, i fleire månader. Forklaringa er at solformørking kan sette store deler av kraftforsyninga ut av spel, spesielt i Tyskland. Med skyfri himmel i Tyskland vil 13 GW effekt forsvinne i løpet av formiddagen, for så å stige igjen med 19 GW når formørkinga er ferdig. 13 GW svarar til at alle dei attverande tyske kjernekraftverka brått slås av.
Nytt solcellepanel installeres kvart 2,5 minutt: I 2002 gjekk det 4,5 timar mellom kvar solcelleinstallasjon i USA. I 2014 berre 2,5 minutt. Forklaringa ligg i kostnadsreduksjonen. Dei siste fem åra har det blitt 65 prosent billegare å sette opp solcellepanel i USA –til mindre enn 70¢ per watt.