EU endrar norsk klimapolitikk

EU-POLITIKK BLIR NORSK POLITIKK: EU-institusjonane skal i 2018 ferdigforhandla fleire politikkpakkar på klima- og energiområdet. Dette får store konsekvensar for Noreg. Her er statsminister Erna Solberg og Donald Tusk, presidenten for Det europeiske råd, saman på ein pressekonferanse i 2015. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Det er i Brussel det skjer:Dei som vil vite kva rammer norsk klima- og energipolitikk skal operere innafor fram mot 2030, må henge med på kva som no og skjer i EU. Også denne veka har det kome viktige vedtak frå Brussel. Her er tre av dei:
- På tredje forsøk blei Europaparlamentet og Rådet torsdag einige om klimapolitikkens rammer i ikkje-kvotepliktig sektor. Målet er at unionens samla utslepp frå transport, jordbruk, bygg og avfall skal reduserast med 30 prosent innan 2030 samanlikna med 2005. Partane blei også samd om den interne byrdefordelinga (sjå lista her) og reglar for fleksibilitet. Ifølge Euractiv opnar dei fleksible mekanismane for at medlemslanda lett kan sno seg unna dei årlege utsleppsmåla.
- Kommisjonen presenterte for eit år sidan eit forslag til ny energipolitikk i EU («Clean Energy for All Europeans»). Forslaget inneheldt i alt åtte omfattande politikkpakkar. Denne veka blei Parlamentet og Rådet einige om den første av dei åtte pakkane – energistandard i bygg. Det overordna målet er at bygningssektoren i unionen skal vere tilnærma utsleppsfri i 2050. Kvart medlemsland blir i den nye avtalen pålagt å utarbeide vegkart for å klare dette – med konkrete delmål for 2030 og 2040. Avtalen inneheld også krav om tilrettelegging for elbil-lading og bruk av smart energistyring. «EU-systemet tager stort skridt mod energivenlige bygninger, meldar det danske nyheitsbyrået Ritzau. EUs bygningar står i dag for 40 prosent av unionens samla energiforbruk.