2
4

2
Stillinger
4
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 23. oktober 2015
Sist oppdatert 24.03.2022, 19:07
Artikkelen er mer enn to år gammel
Fem på fredag

Ny rapport åtvarar mot olje­sel­skapas fram­tids­sce­nario

Oljeselskapa vel framtidsscenario som passar dagens forretningsmodellar, viser ny rapport. Les også om atombråk i Storbritannia og nye vanskar for ExxonMobil.
fem-pa-fredag-fossilsektorens-featured.jpg

TRANSPORTSEKTOR I ENDRING: BMW har uttalt at alle deira bilmodellar vil vere elektriske innan 2025, skriv Carbon Tracker Initiative.

Publisert 23. oktober 2015
Sist oppdatert 24.03.2022, 19:07
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

RISIKABLE FRAMSKRIVINGAR: Fossilsektoren lir av ”rett linje”-syndromet, skriv Carbon Tracker Initiative (CTI) i rapporten "Lost in Translation – How the Energy sector is missing potential demand destruction" som kom denne veka. Den britiske tankesmia meiner IEA, ExxonMobil, Shell m.fl. tek ein stor risiko når dei bygger framskrivingane sine på ein føresetnad om at framtida stort sett blir som fortida. Business as usual er rett nok til gunst for eksportørar av fossil energi, men særleg sannsynleg er det ikkje, ifølge rapporten. Ved hjelp av solid datamateriale argumenterer CTI for kvifor vi kan vente oss disruptive endringar i energisektoren. Endringar som framfor alt vil redusere behovet for olje, kol og gass.

ATOMBRÅK I STORBRITANNIA: Denne veka blei det klart at Storbritannia får hjelp av Kina til å bygge atomkraftverket Hinkley Point. Med ein prislapp på 18 milliardar pund blir atomkraftverket rekna som verdas aller dyraste. Dette kjem samtidig som Camerons regjering strammer inn på støtteordningar til fornybar energi, noko som får fleire til å reagere. Elektrisiteten frå Hinkley vil koste forbrukarane 92,50 pund per MWh i 35 år, meir enn dobbelt så mykje som dagens marknadsprisar (40 pund per MWh). Hinkley Point vil bli eigd av China General Nuclear Power (33,5 prosent) og franske EDF (66,5 prosent). Kraftverket skal etter planen stå ferdig i 2025.

Krav om føderal etterforsking av ExxonMobil: Den demokratiske presidentkandidaten Bernie Sanders skreiv denne veka brev til justisminister Loretta Lynch der han hevdar at verdas største oljeselskap har brote føderal lovgjeving. Han ber justisministeren etterforske påstandane om at ExxonMobils leiing bevisst dyssa ned eigne forskingsresultat som allereie i 1977 dokumenterte samanhengen mellom bruk av fossil energi og farlege klimaendringar. Ønsker du å oppdatere deg på ExxonMobil-saka kan du lese denne artikkelen frå Huffington Post.

Ventar nytt fall for kinesisk kolimport i 2016: 2015 har vore eit tøft år for fleire av verdas koleksportørar. Kina importerte 156 millionar tonn kol i årets ni første månadar – ein reduksjon på 30 prosent samanlikna med same periode i fjor. Forklaringa er Kinas reduserte økonomisk vekst, meir offensive klimapolitikk og ein politikk som vernar om eigen nasjonal kolindustri. Ifølge Reuters spår fleire ekspertar at Kinas etterspurnad etter utanlandsk kol vil fortsette å falle i 2016. Mercuria Energy Trading og Macquarie trur importen kan falle med 25 millionar tonn neste år.

GOOGLE BYGGER AFRIKAS STØRSTE VINDPARK: Google er i dag ein betydeleg investor i fornybar energi. Selskapet har til no investert meir enn 2 milliardar amerikanske dollar i til saman 22 prosjekt. Den siste investeringa er Lake Turkana Wind Power Project in Kenya – Googles andre i Afrika. Når vindparken er ferdig vil han med ein kapasitet på 310 MW vere Afrikas største vindpark.

ANNONSE
Bluesky

Les også

To menn i dress håndhilser foran amerikanske og kinesiske flagg, stående på en scene med et mørkeblått forheng i bakgrunnen.

Kinas solceller eller USAs gass – framtidas energiveddemål

Trump og Xi diskuterer toll, men striden mellom dei to stormaktene handlar eigentleg om noko større: kven som skal dominere framtidas energimarknader.
31. oktober 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen EU-regelverk, energieffektive produkter og fornybar energi
Oslo, Trondheim
Frist: 11.03.2026
kaffepause kontor kollegaer