2
4

2
Stillinger
4
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 25. september 2015
Sist oppdatert 24.03.2022, 19:17
Artikkelen er mer enn to år gammel
Fem på fredag

Fox News-vert raste mot pave Frans

Ikkje overraskande har Pave Frans brukt USA-opphaldet til å tale klimaets sak. Det har irritert mange. Les også om kolforbruket som har nådd toppen, divestment-kampanjen som veks, Clintons nei til Keystone og Volkswagen.
fem-pa-fredag-fox-news-vert-raste-mot-pave-frans-featured.jpg

Pave Frans besøkte Obama i Det Hvite Hus onsdag 23. septemner 2015. Foto:

Publisert 25. september 2015
Sist oppdatert 24.03.2022, 19:17
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

PAVENS KLIMABODSKAP SJOKKERTE FOX-VERT: Pave Frans, som er kjent for sitt kontroversielle klimaengasjement, har denne veka vore i USA. Han har møtt president Obama, talt til Kongressen og skal tale til FNs hovedforsamling. Også denne gongen er det klima som skaper dei største overskriftene. «Klimaendringar er eit problem som ikkje lenger kan overlatast til komande generasjonar», sa han framfor tusenvis av tilhøyrarar utanfor Det hvite hus. Og vidare: «Herr President, eg syns det er oppmuntrande at du foreslår eit inititiv for å redusere luftforureining». Les heile talen.

Ein av dei som reagerte aller sterkast på pavens tale var Fox-vert Stuart Varney. Han anklaga paven for å drive politikk. «I believe the pope just walked right into the politics of climate change with a full-throated statement». Du kan sjå innslaget med Varneys reaksjon i ruta nedanor (tips: dei mest siterte utfalla finn du frå cirka 08:05 ut i sendinga):

HILLARY CLINTON SEIER NEI TIL KEYSTONE: Same dag som Paven ankom USA, annonserte Hillary Clinton at ho seier nei til bygging av den kontroversielle Keystone XL-røyrledninga som skal frakte olje frå tjæresandregionen Alberta i Canada til Texas i USA. Clinton har lenge blitt kritisert for ikkje å ville uttale seg om Keystone. Ein oversikt over reaksjonar frå tilhengarar og motstandarar finn du i denne kommentaren frå Politico.

2600 MILLIARDER USD UT AV FOSSIL ENERGI: KLP, Rockefeller Brothers Fund og Det svenske pensjonsfondet AP2 har alle til felles at dei nyleg har trekt store investeringar ut av fossil energi. Men dei er langt frå åleine. Denne veka presenterte The Divest Invest Initiative ein statusrapport (pdf) som viser at meir enn 2000 einskildpersonar og 4000 institusjonar har gjort det same. Uttrekkas verdi er på  har ein verdi på 2600 milliardar amerikanske dollar.

HAR VI NÅDD «PEAK COAL»? Trass i ein generell stor usikkerheit knytt til kinesisk statistikk er det nokså klart at kullveksten i Kina har, eller er i ferd med, å flate ut. Denne grafen til EIA illustrerer dette godt. Men ikkje nok med det: Nyleg kom Goldman Sachs med ein analyse som investorar verda over bør merke seg. Forventa vekst i indisk kolforbruk vil ikkje vere nok til å kompensere for kolfallet i Kina. Resultat: Det globale konsumet i 2019 vil vere lågare enn i dag. Kina og India står for 66 prosent av verdas kolforbruk. Kina vil nå og lansere sitt kvotesystem for utslepp fra 2017, varsla Xi Jinping under sitt besøk i USA.

KAN VOLKSWAGEN-SKANDALEN FØRE TIL NOKO BRA? Vi har lagt bak oss ei veke med store bilnyheiter, med Wall Street Journals avsløring om at Apple vil lansere sin eigen bil i 2019 som den mest gledelige. Men det er Volkswagen som har skapt dei største overskriftene. Konsernet har innrømma å ha oppgitt feil utsleppsverdiar på 11 milllionar dieselbilar. Konsernsjef Martin Winterkorn har gått av, aksjekursen har stupt og no ventar søksmåla. Kanskje er fleire selskap i trøbbel. Det er for tidleg å spå omfanget og utfallet av krisa, men kanskje er det slik The Economist skriv i denne kommentaren – at det var dette som skulle til for å få fart på utrullinga av reell miljøteknologi i transportsektoren.

ANNONSE
Bluesky

Les også

To menn går forbi et bakteppe med et flyfoto av Amazonas-elven og teksten "BRASIL COP30 AMAZÔNIA BELÉM CLIMATE SUMMIT".

Mulig å lande på 1,5 grader, mener forskere

Denne ukas fem nyheter: Mulig å lande på 1,5 grader, grønne aksjer opp 50 prosent i år, nye subsidier til gammel kullkraft, ny plan for 1300 milliarder dollar i klimafinansiering og påbud om solceller på parkeringsplasser.
6. november 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Våre støttespillere
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen EU-regelverk, energieffektive produkter og fornybar energi
Oslo, Trondheim
Frist: 11.03.2026
kaffepause kontor kollegaer