Her er Europas beste klimaminister

BEST I EUROPA: Sverige er kåret til det mest offensive landet i EU når det kommer til klimapolitikk og oppfølging av Paris-avtalen. Her er klimaminister Isabella Lövin under Almedalsveckan i Visby, Gotland. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Best i Europa: EUs 28 medlemsland står midt oppi forhandlingar om fordelinga av unionens samla utsleppskutt for perioden 2021-2030 i dei ikkje-kvotepliktige sektorane (transport, bygg, landbruk og avfall). Endeleg byrdefordeling skal avgjerast på EUs miljørådsmøte i juni. Carbon Market Watch og Transport & Environment har gjennomført ein analyse av forhandlingsposisjonane og politikken til kvart medlemsland og har konkludert med at berre tre land leverer i samsvar med løfta i Paris-avtalen. Heilt øvst finn ein Sverige, på andre og tredje ligg Tyskland og Frankrike. Sverige er det einaste av topp tre som får karakteren "good". Det gjer det mellom anna fordi dei har ambisjonar om å redusere klimagassutsleppa med meir enn 40 prosent (slik kommisjonen foreslo i fjor sommar). Sverige har fått ein svært offensiv klimaminister i Isabella Lövin (Miljöpartiet de Gröna), som blei internasjonalt kjent då ho tidlegare i vinter gjorde narr av Donald Trump under framlegginga av Sveriges nye klimalov. Lövin skal no vere på veg til USA. Ikkje for å møte Trump, men for å inngå miljøavtale med California.
Trugar med søksmål om Trump fjernar klimaplan: Donald Trump signerte tysdag ein presidentordre som har til hensikt å demontere «Clean Power Plan» (CPP) og tilhøyrande klimareguleringar. CPP var Obamas hovudgrep i klimapolitikken og gir det amerikanske miljødirektoratet (EPA) mandat til å regulere CO₂-utslepp frå fossile kraftverk. Ting tyder likevel på at Trump vil møte motstand i den vidare prosessen – det vil seie etter at EPA er ferdig med den formelle gjennomgangen av CPP. For det første må ein president som vil fjerne reguleringar følje dei same tidkrevjande prosedyrereglane som ein president som vil innføre reguleringar (the rule-making process). Det inkluderer høyringsrundar med tid for offentlegheita til å uttale seg. For det andre lurer søksmålsspøkelset også i denne saka. Same dag som presidentordren blei kjent sendte statsadvokat Eric Schneiderman ut på vegne av New York og 17 andre statar: . Schneiderman viste til høgsteretts dom frå 2007 der dei slår fast at Clean Air Act forpliktar EPA til å regulere utslepp av CO₂ og andre klimagassar (Massachusetts v. Environmental Protection Agency). To gode analyser til slutt: av Matt McGrath (BBC News) og av Per Espen Stoknes og Tom Bowman (Time).

