High Court krev betre tiltak mot luftforureining i Storbritannia

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Ny dom mot Theresa May:For tredje gang på tre år har den britiske regjeringa blitt dømt av High Court for ikkje å gjere nok i kampen mot luftforureining. Dommen kan du lese her. Konkret er det snakk om mangelfulle tiltak i 45 område (local authority areas) der luftkvaliteten har blitt målt til ulovleg høge verdiar. «God tru, hardt arbeid og oppriktige løfte er ikkje nok….og det verkar som om domstolen må halde presset oppe for å sikre at etterleving faktisk vert oppnådd,» uttalte dommar Garnham ifølgje Reuters. Ansvaret for å sikre adekvate tiltak mot luftforureining i dei aktuelle områda blir med denne dommen tydeleg plassert hos regjeringa. Samstundes gav Garnham skryt for arbeidet som no skjer i fem byar, deriblant Birmingham. Financial Times (abo.) skriv at tilnærminga i desse byane blei omtalt som «fornuftige, rasjonelle og lovlege». Dommen vil ikkje bli anka av regjeringa, skriv saksøkaren ClientEarth på sine heimesider. Har du halvanna minutt til overs bør du også få med deg denne videoen frå ordskiftet i Underhuset der statsminister Theresa May måtte svare for seg.
BP Energy Outlook:Denne veka kom BP med Energy Outlook 2018. Hovudforteljinga er at vi står midt oppi ein energiomstilling – der usikkerheita fram mot 2040 handlar om fart. BP ser som petroleumsaktør positivt på eigne forretningsområde (olje og gass) – med dei konsekvensar det har for klimaet: I hovudscenarioet Evolving transition (ET) vil ikkje klimagassutsleppa nå toppen før mot slutten av 2030-talet. Det mest interessante i rapporten er det som står om transportsektoren. Samanlikna med fjorårets Energy Outlook har BP i år oppjustert talet på elbilar i 2035 – frå 100 millionar til nesten 190 millionar. Men fleire elbilar åleine vil ikkje få dramatiske konsekvensar for oljekonsum eller klimagassutslepp, skriv BP. Effekten av elektrifisering blir langt større om han vert kombinert med autonom framdrift. BP trur heilautonome el-køyretøy vil gi «boost« for delt mobilitet frå 2030. BP analyserer også konsekvensane av eit globalt forbod mot sal av nye bilar med forbrenningsmotor. Får vi eit slikt forbod, vil elbilar stå for 70 prosent av reiste passasjerkilometer i 2040 (mot 30 prosent i hovudscenarioet). og gjer begge eit poeng av at BP i årets Outlook for første gang ser toppen på oljekonsumet. Mens Businessgreen spør:

