Historisk vekst i amerikanske CO₂-utslepp trass stadig færre kolkraftverk

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
USA slapp ut meir CO₂:Etter tre år med nedgang gjekk CO₂-utsleppa i USA opp med 3,4 prosent i 2018. Det viser førebelse utrekningar gjort av det uavhengige analyseselskapet Rhodium Group. Utsleppa auka i alle sektorar. Hovudforklaringa er den sterke økonomiske veksten og fleire kuldedagar. Dette bidrog mellom anna til kraftig auke i elektrisitetsforbruk generelt og gasskraft spesielt. At kolkraftverk med over 11 GW i samla kapasitet blei stengd ned var ikkje nok til å redusere sektorens CO₂-utslepp. (Til og med i California gjekk utsleppa frå kraftproduksjonen opp.) Dei to sektorane med størst utsleppsvekst i 2018 var bygg og industri. Veksten i direkte utslepp frå bruk av olje, diesel og gass i amerikanske bustadar og næringsbygg gjekk opp med heile 10 prosent frå 2017-2018. Utsleppa frå industrien gjekk opp 5,7 prosent. Til New York Times seier ein analytikar i Rhodium Group at det viktigaste ein kan trekke ut av 2018-tala er at USA enno ikkje har klart å kople utsleppsvekst frå økonomisk vekst. Same utsleppsutvikling som den Rhodium Group publiserte denne veka blei varsla før jul av Global Carbon Project(dei anslo vekst på 2,5 prosent). Begge trur at dei amerikanske CO₂-utsleppa vil gå ned igjen i 2019.

Nyvald kongressmedlem vil ha energirevolusjon:Eit namn alle som er interessert i amerikansk klima- og energipolitikk må lære seg er Alexandria Ocasio-Cortez. Også kjend som «AOC». 29 år gamal er ho det yngste kongressmedlemmet i USAs historie. Etter knapt ei veke som folkevald har ho alt fått merksemd som ei verdsstjerne. Med tydelege standpunkt har ho blitt latterleggjort av , beundra i . Ei av kampsakene hennar er det som går under namnet – ei radikal skjerping av amerikansk klimapolitikk. Det var New York Times-skribent Thomas L. Friedman som introduserte omgrepet i ein kommentar i 2007. Tysdag publiserte han oppfølgaren som respons på den rørsla AOC representerer. Han skriv begeistra: Spørsmålet framover blir korleis AOCs utålmodighet på klimafeltet vil påverke det demokratiske partiet. Torsdag signerte eit ope brev til kongressmedlemmene der dei ber dei støtte Green New Deal-initiativet.
