– I 2030 vil 84 prosent av bussalet vere elektrisk

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Elbussar vil dominere om ti år: Kor raskt vil elektrifiseringa av vegtransporten skje? Bloomberg New Energy Finance (BNEF) har denne veka lansert EV Outlook 2018 - ein årleg analyse der dei forsøker å gi svar på nettopp dette spørsmålet. Rapporten oppjusterer prognosane frå i fjor og peikar på tre viktige drivarar: 1) Kostnadene for litium-ionbatteri rasar vidare nedover, samtidig som batteria blir meir effektive. 2) Politiske myndigheter over heile verda - lokalt og nasjonalt - støtter aktivt opp om elektrisk transport. 3) Bilprodusentane har for alvor starta arbeidet med å utvikle nye elektriske køyrety. Frå 2017 til 2022 vil talet på elbil-modellar stige frå 155 til 289. Det mest interessante med årets EV-rapport er kapitlet om elbussar. Mens BNEF trur elbilar vil stå for 28 prosent av nybilsalet i 2030, er dei langt meir «bullish» på elbussens vegne. 84 prosent av alle bussar som vert selt i 2030 vil vere elektriske. Ser ein fram mot 2040 trur BNEF at heile 80 prosent av den globale bussflåten vil bestå av elbussar. Elbussar er langt billegare i drift enn dieselbussar, men har høgare investeringskostnader knytt til seg. Det er det største hinderet for mange i dag. BNEF skriv vidare at veksten i elbilar og elbussar vil ta ned transportsektorens behov for olje med 7,3 millionar fat per dag i 2040, mens det globale straumforbruket i same periode vil auke med 2000 TWh.
Karbonnegativt kraftverk i Storbritannia? Onsdag annonserte energiminister Claire Perry at Storbritannia skal leie ei internasjonal satsing på karbonfangstteknologi saman med Saudi-Arabia og Mexico. Dette er ei oppfølging av løfter gitt under COP21 i Paris (som også Noreg har ein aksje i). Perry lyste samtidig ut ein pott på 230 millionar kronar som skal gå til «banebrytande» CO₂-fangstprosjekt. Timinga var god. To dagar før Perrys kunngjering offentleggjorde Drax Group at dei skal teste ut CO₂-fangst frå eit biomassefyrte kraftverk i Nord-Yorkshire (tidlegare kolkraftverk som no fyrar med pellets). Målet er at CO₂’en som vert fanga skal seljast til industriformål og ikkje lagrast under bakken. Lukkast prosjektet, blir dette det første karbonnegative kraftverket i verda, skriv Drax på sine heimesider. Les meir i
