India skrur opp tempoet for å klare hårete solenergimål

SKAL BYGGE STORT: India vil bygge minst 50 store solparker a 500 MW innen 2020. Parken på bildet er fra Gujarat, India, og har en kapasitet på berre 11,5 MW. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Storskala solenergi i India: India er jokeren i det globale klimastrevet. Spørsmålet er om den forventa veksten i energiforbruk vil bli dekka med fossil eller fornybar energi. Ambisjonane er det ingenting å utstte på. Mellom anna har India mål om 100 GW installert solenergikapasitet innan 2022 - opp frå 9 GW i 2016. For å få opp tempoet vedtok regjeringa denne veka å bygge minst 50 store solparkar dei neste to-tre åra - kvar med ein kapasitet på minimum 500 MW. Dette skal doble kapasiteten frå slike megaparkar innan 2020 - frå 20 til 40 GW.
Siktar mot 100 prosent fornybar: Vi dreg vidare til USA, nærmare bestemt til California. Der har senatsleiar Kevin de León (D) fremja eit lovforslag som - om det får fleirtal - vil gjere California til et globalt fornybarlokomotiv. I dag har California mål om 50 prosent fornybar elektrisitet innan 2030, mens det nye forslaget hevar ambisjonane til 50 prosent innan 2025 og 100 prosent innan 2045. 29 statar i USA har innført fornybar energi-mål, men til no har berre Hawaii forplikta seg til 100 prosent. California kan bli den andre. I 2016 kom 27 prosent av elektrisiteten i California frå fornybare kjelder, skriv Inside Climate News.
Mens Californias lovgjevarar gir håp om eit akselerert grønt skifte, er det også denne veka lite positivt å melde frå føderalt nivå. Scott Pruitt har hatt sin første arbeidsveke som ny sjef for det amerikanske miljødirektoratet, EPA. Onsdag måtte statsadvokatkontoret i Oklahoma offentleggjere tusenvis av e-postar som avslører Pruitts tette band til den amerikanske "fossillobbyen". Som statsadvokat var Pruitt involvert i heile 14 søksmål mot EPA, og e-postane viser korleis Pruitt koordinerte "krigen" mot Obama og EPA med oljeindustri og fossile kraftselskap - dei same aktørane han no er satt til å regulere som USAs øvste miljøsjef.


