Joe Biden kan føre USAs klimapolitikk nærmare EUs

FAVORITT: På ei veke har Joe Biden gått frå fiasko til favoritt i demokratanes nominasjonskamp. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Eg har denne veka med vilje ikkje teke med EU-saker, fordi du finn meir om dette i gårsdagens EUs grøne giv – vårt nye nyheitsbrev som nettopp tek for seg klimasatsinga til EU.
Over til mine utvalde saker denne veka:
To demokratar igjen – begge med ambisiøs klimapolitikk
Nyheita: Joe Biden blei den store vinnaren etter tysdagens primærval i fjorten delstatar (supertysdag). Det gjer han til favoritt i kampen om å bli demokratanes presidentkandidat. I klimapolitikken går Biden lenger enn det Obama gjorde, men han er betydeleg mindre radikal enn rivalen Bernie Sanders.
Bakgrunn:Etter at Pete Buttigieg,Amy Klobuchar, Michael Bloomberg og Elisabeth Warren denne veka trekte seg frå demokratanes primærval, står valet no mellom sentrumskandidaten Joe Biden og venstresidas Bernie Sanders. Klimapolitikk har vore eit viktig tema så langt i primærvalet, og både Sanders og Biden har – i det store bilete – ambisiøse mål. Hovudskilnaden er at Sanders går mykje lenger i dei fleste spørsmål. Her er nokre hovudpunkt som MIT Technology Review publiserte onsdag, og som også Lisa Friedmann i New York Times er innom i nyheitsbrevet Climate Fwd:.
Kor er konflikten?Uavhengig av kven som skulle vinne nominasjonen til demokratane, vil avstanden til republikanarane vere enorm. Å få finansiert klimaplanen til Biden eller Sanders blir vanskeleg.
Det store bilete:Sidan Donald Trump blei president har den internasjonale klimapolitikken mangla eit sterkt og tydeleg leiarskap. Verda treng sårt ein amerikansk president som ser interessa av å bruke både økonomiske musklar og diplomati i klimaets teneste. Ein ny administrasjon med klimaambisjonar kan dessutan bidra til at amerikansk næringsliv i større grad enn i dag meldar seg på i kampen om å utvikle framtidas nullutsleppsteknologiar. Det gjeld ikkje minst amerikanske energiselskap og bilprodusentar, som til no har stått for ei meir passiv haldning til energiomstillinga enn sine europeiske kollegaer.
