Kinas kolavhengigheit er verdas mest akutte klimaproblem

BRUN OMSTART: Kinas CO₂-utslepp gjekk opp også i koronaåret 2020. For å få fart på økonomien har kinesiske myndigheiter gitt stimulans til energikrevjande og kolbasert industri. Foto: David Gray / Reuters / NTB
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.
Klimaproblemet Kina
Globale CO₂-utslepp gjekk ned 5,8 prosent i 2020 – den største prosentvise nedgangen sidan andre verdskrigen. Kraftig fall i oljekonsum frå vegtransport og flytrafikk var to av dei viktigaste drivarane, viser oppdaterte data frå Det internasjonale energibyrået (IEA). Også kolkonsumet gjekk ned i fjor. Men – IEAs månadlege data avslører at nedgangen var midlertidig, og at utsleppa ved utgangen av 2020 låg 2 prosent over nivået på same tid i 2019. Den viktigaste forklaringa: Kinas kolfyrte omstart i siste halvdel av 2020.
Medan Kinas CO₂-utslepp fall nærare 3 prosent i første halvdel av 2020, auka dei med over 4 prosent i årets siste seks månader, skriv Carbon Brief. Dei forklarar den samla utsleppsauka i Kina med kinesiske myndigheiters «dirty recovery» etter Covid-19. Medan det i USA og EU har vore eit uttalt ønske å bruke krisa til få fart på klimaomstillinga, har Kina vald ein strategi som går ut på å stimulere dei skitnaste og mest energikrevjande sektorane – som bygg- og anleggsbransjen og tungindustrien. Det bidrog til ein kraftig vekst i Kinas kolkonsum i andre halvdel av 2020 . Tankesmia E3G har meir om Kina og kol.
Generalsekretær i FN António Guterreskommenterte tysdag at ein no må få slutt på alle kolprosjekt.
Kva skjer vidare?Fredag 5. mars legg Kommunistpartiet fram hovudtrekka i neste femårs-plan. Då får vi venteleg svar på om – og eventuelt korleis – Kina har tenkt å omstille økonomien utover 2020-talet. Kinas mål er å knekke utsleppskurva innan 2030 – på vegen mot netto null før 2060.
Vil du lese meir? Få med deg kommentaren Hva skal vi gjøre med Kina? av kollega Anders Bjartnes og sjå oppdaterte utsleppsdata i .
