Klimagassutsleppa i Tyskland gjekk opp også i 2016

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Tyskland bommar på klimamål:Det tyske miljødirektoratet Umweltbundesamt (UBA) offentleggjorde tysdag utrekningar som viser at Tysklands klimagassutslepp i 2016 gjekk opp for andre året på rad. Samla har landet redusert utsleppa med 27,3 prosent sidan 1990. Det nasjonale målet om 40 prosent reduksjon innan 2020 blir ikkje nådd. Tyskland er heller ikkje i rute til å nå målet om å kutte 14 prosent av 2005-nivået innan 2020. Dermed må Merkel i dei neste åra belage seg på å kjøpe utsleppskvotar frå EU-land som ikkje har brukt opp sine CO₂-budsjett, skriv Wall Street Journal.
Vegtransporten har eit særleg ansvar for utsleppsauka dei siste åra. Hovudproblemet er at meir og meir gods vert frakta langs vegen, og at tyskarane vel stadig tyngre og større bilar. UBA etterlyser ein heilt ny transportpolitikk i Tyskland – med strengare utsleppskrav til alle køyretøy og elbil-kvotar. Dei er også ærlege på at Tyskland må stenge ned kullkraftverk om ein skal oppnå raske og store nok utsleppsreduksjonar. Gjer dei ikkje det, kan også 2030-målet ryke.
Fransk klimasjarm i Davos: Vi går vidare til Davos og toppmøtet i World Economic Forum (WEF). Onsdag viste president Emmanuel Macron seg igjen som storpolitikkens største klimastjerne. Han ironiserte over Trumps klimaskepsis, lova at Frankrike skal vere ein global rollemodell i kampen mot klimaendringane og gjentok løftet om å fase ut all fransk kullkraft innan 2021. Kull står for to prosent av Frankrikes elektrisitetsproduksjon (IEA), så noko stort "offer" er ikkje dette. Men inntrykket Macron etterlet seg også denne gongen er at Frankrike har ein regjeringssjef med vilje og initiativ i klimapolitikken – for augeblikket i sterk kontrast til Tyskland (Angela Merkel nemnte knapt klima i sin tale til WEF). Tida vil vise om Macron er i stand til å levere like offensivt som han kommuniserer.
Måndag var det kjent at President Donald Trump innfører 30 prosent toll på importert solcelleteknologi. Tollsatsane skal gradvis reduserast til 15 prosent etter fire år. Les Trump-administrasjonens for bakgrunn og fleire detaljar. Bloomberg omtalar vedtaket som Trumps mot fornybarindustrien. 80 prosent av solcelleinstallasjonane i USA er avhengig av importerte delar frå utlandet – for det meste Asia. Bransjeforeininga skriv i ein pressemelding at tollvedtaket vil fjerne 23000 jobbar på grunn av redusert etterspurnad. har rekna seg fram til at Trumps tollmur vil redusere talet på solcelleinstallasjonar med 11 prosent fram mot 2022. Senator John McCain twitra at tollforslaget er Mens Kina – landet som vil bli hardast råka av vedtaket – kallar Trumps stikk for ein overreaksjon, skriv . Samstundes viser omtalen i at det også finst amerikanske industriaktørar som støttar Trump. Også då han fekk spørsmål om dette i Davos. Han meiner Trump no har gjort det mange solcelleaktørar i USA har bedt om.
