Krev full openheit om klimarisiko frå britiske selskap

Finansdistriktet City i London. Klimarisiko-krava blir stadig viktigare i finans.
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.
Børs og finans må rapportere på klimarisiko
Nyheita:Innan fem år må alle store selskap og finansinstitusjonar i Storbritannia rapportere på korleis dei har tenkt å møte klimaendringane, omstillinga vekk frå fossil energi og ein stadig strammare klimapolitikk.
Bakgrunn:Det var måndag – under Green Horizon Summit i London – at den britiske finansministeren Rishi Sunak offentleggjorde at klimarisiko-rapportering blir obligatorisk for dei største selskapa i Storbritannia. Allereie frå 1. januar 2021 må dei største børsnoterte selskapa («premium listed companies»)rapportere på klimarisiko. I 2022 vil rapporteringskravet bli utvida til også å gjelde kapitalforvaltarar, livselskap og pensjonsselskap. I 2025 må alle store selskap og finansinstitusjonar rapportere på korleis dei har tenkt å møte klimaendringar, energiomstilling og klimapolitikk.
Det store biletet:Den tidlegare sentralbanksjefen i Storbritannia Mark Carney introduserte omgrepet «finansiell klimarisiko» i 2015. Han delte klimarisiko inn i tre delar: fysisk klimarisiko, overgangsrisiko og ansvarsrisiko. Carneys tenking, som seinare blei vidareforedla av G20s Taskforce on Climate-related Financial Disclosures (TFCD), har gjort klimaspørsmålet relevant i fleire krinsar. Då den amerikanske sentralbanken måndag la fram Financial Stability Report, var klimarisiko ein naturleg del. Ingen bør bli overraska om fleire G20-statar følgjer Storbritannia. Den europeiske sentralbanksjefen Christine Lagarde skal denne veka ha uttalt følgjande, ifølgje Bloomberg: «Deal with the financial risks from climate change soon or we’ll do it for you.»