Kunstig energiøy i Nordsjøen skal forsyne Europa med havvind

NY RETNING FOR DANSK HAVVIND: Innan 2030 skal Danmark bygge to energiøyer for havvind. Øyene skal kunne kople fleire havvindparkar saman. Energiøyene som skal byggast i Nordsjøen skal ha ein kapasitet på10 GW. llustrasjon: EUDP/DTU
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.
Danmark tenker nytt om havvind
Nyheita:Danmark skal fram mot 2030 bygge to energiøyer for havvind med samla kapasitet på 4 GW. Eksport av rein straum til Europa, samt produksjon av grøn hydrogen, står sentralt i planane som blei kunngjort denne veka.
Bakgrunn: Den danske regjeringa skapte overskrifter då dei tysdag lanserte første del av den nye klimahandlingsplanen som skal bidra til at landet når målet om 70 prosent lågare utslepp i 2030 samanlikna med 1990. Ei av satsingane som Mette Frederiksens regjering foreslår er å gå frå einskildvise havvindprosjekt til bygging av to energiøyer som kan kople fleire prosjekt saman. Innan 2030 skal det byggast ei kunstig energiøy i Nordsjøen med 2GW havvind (med potensiale for 10 GW på sikt), i tillegg skal det byggast ut 2GW havvind i tilknyting til Bornholm i Østersjøen. Dei 4 GW med ny havvindkapasitet vil gi meir rein straum enn det danskane treng sjølv. Difor er krafteksport og hydrogenproduksjon ein viktig del av den nye havvindsatsinga, skriv regjeringa. Financial Times kallar prosjektet «the world’s most ambitious offshore wind project». Prislappen er ifølgje FT 37 milliardar euro og vil bli den største infrastrukturinvesteringa i dansk historie. Mens forslaget til energiøyer blir teke godt imot, er opposisjonen i Danmark kritisk til den samla effekten av regjeringas handlingsplan. Planen, som inneheld i alt seks satsingar inkludert havvind, vil kutte 2 millionar tonn CO₂ innan 2030, mens behovet er 19 millionar tonn CO₂ om klimamålet skal blir nådd. Eit av tiltaka som Frederiksen-regjeringa har avvist, er Klimarådets forslag til CO₂-avgift.
Kva skjer framover:Forhandlingane om klimahandlingsplanen mellom regjeringa og samarbeidspartia i Folketinget er venta å starte i neste veke. Ytterlegare klimatiltak er venta å bli presentert over sommaren.
Vil du gå djupare? På Klimaministeriet sine heimesider finn du både pressemelding og om energiøy-prosjektet.