Milliardar av euro renn ut av europeiske kolkraftverk

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Kolkraftverk i pengekrise - er vi førebudd på det som kjem?
I 2017 publiserte Carbon Tracker Initiative (CTI) ein rapport som sa at fallande kostnader for fornybar energi, reguleringar mot luftforureining og auka karbonprising kunne ta livet av kolkraftverk i Europa allereie i 2030. Mange tenkte nok den gang at CTI tok for hardt i, men i oppfølgjaren Apocoalypse Now, som blei offentleggjort denne veka, blir 2030 sagt å vere for konservativt. CTI viser til konkurransen frå billeg gass og fornybar energi som er i ferd med å presse kolkraft lenger og lenger ut i tuben. Frå mars til august 2019 gjekk forbruket av steinkol og brunkol i EU ned med høvesvis 39 prosent og 20 prosent samanlikna med same periode i fjor. Den London-baserte tankesmie hevdar 79 prosent av EUs kolkraftkapasitet no går med tap – mot 46 prosent i 2017. Kolkraftprodusentane risikerer å tape over 6,5 milliardar euro i 2019. Verst stilt er tyske RWE, tsjekkiske EPH (selskapet som i 2016 kjøpte brunkolgruver i Tyskland med tilhøyrande kraftverk frå svenske Vattenfall) og greske PPC. Rapporten gir eit tydeleg spark til RWE som forsøker å få tyske myndigheiter til å betale dei milliardar av euro i kompensasjon for å stenge ned all kolkraft innan 2038. På dette tidspunktet vil RWEs kolkraftverk for lengst vere verdilause, skriv CTI. Til Deutsche Welle går RWE i rette med desse påstandane.
Rapportens anbefaling er at EU må planlegge for ein europeisk kol-exit innan 2030, og foreslår også konkrete tiltak for dette. Samtidig åtvarar forfattarane mot å flytte investeringane frå kol til gass: «Those investors backing baseload gas as a "bridge fuel" will likely find themselves standing on a cliff instead.»
Spår kraftig vekst for grøn hydrogen fram til 2025
Hydrogen vert ofte trekt fram som ei viktig løysing for å avkarbonisere energisystemet, ikkje minst i fossiltunge sektorar som industri og transport. Men skal hydrogen verkeleg gi klimaeffekt, er produksjonsmetoden avgjerande. I dag kjem det aller meste av det produserte hydrogenet frå naturgass eller kol. Hydrogen produsert av fornybar energi via elektrolyse, det som går under namnet «grøn hydrogen», er framleis ikkje konkurransedyktig med sin fossile fetter. Men dette kan no vere i ferd med å endre seg, hevdar konsulentselskapet I ein ny rapport har dei analysert marknadsutsiktene for grøn hydrogen fram mot 2030, og har mellom anna rekna ut at i Tyskland, Australia og Japan vil grøn hydrogen kunne matche prisen for fossilbasert hydrogen om straumprisen frå sol og vind kjem ned i 30 dollar/MWh. I dag ligg prisen i desse tre marknadene på mellom 53-153 dollar/MWh ved langsiktige kraftprisavtalar (såkalla PPA), og prisane er fallande.
