Nytt gigantfond skal finansiere klimatiltak i EU

INVESTERINGAR FOR KLIMA: President i EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, fortalde pressa den 4. desember at kommisjonen jobbar med ein plan for bærekraftige investeringar. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
EU opnar lommeboka for klimatiltak
«Only what gets measured, gets done».Det sa nyvald kommisjonspresident Ursula von der Leyen etter EU-kommisjonens første kollegiemøte denne veka. Det ho sikta til var lovnaden EU gav på klimatoppmøtet i Madrid (COP25) om at unionen skal få på plass ein klimalov som sikrar at Europa blir det første karbonnøytrale kontinentet innan 2050. For å understøtte målet arbeider kommisjonen no med ein investeringsplan som skal sikre tilstrekkeleg med investeringsmidlar, og hindre at einskilde land blir hengande etter. Investeringsplanen vil mellom anna inkludere eit fond på 100 milliardar euro for rettferdig omstilling (the Just Transition Fund), eller 1000 milliardar norske kroner. Midlane blir tilgjengelig i budsjettperioden 2021-27 og skal gå til dei EU-landa som har størst vanskar med klimaomstillinga.
Bloomberg ser von der Leyens investeringsløfte som ei handsrekking til Polen, som på toppmøtet i juni blokkerte forsøket på å kome fram til semje om målet om netto nullutslepp innan 2050. Polen har ifølgje same artikkel estimert at det vil koste den polske økonomien over 500 milliardar euro å nå målet om klimanøytralitet i 2050. Kommisjonspresidenten var i møte med pressa onsdag ærleg på at klimapolitikk kostar, men understreka at alternativet ikkje er gratis det heller: «We should always keep in mind what the cost of non-action would be. And there are costs already». Ho varsla at kommisjonen snart vil offentleggjere tal som viser kostnaden ved ikkje å omstille seg.
Fleire detaljar om EUs nye klimapolitikk vil kome når kommisjonen skal lansere forslaget til a European Green Deal onsdag 11. desember – dagen før neste EU-toppmøte tek til.Då får vi også svar på korleis medlemslanda stiller seg til kommisjonens klimastrategi. I tillegg til Polen har Tsjekkia varsla at dei krev meir igjen for å kunne støtte strategien, skriv . Til sjuande og sist blir spørsmålet om fondet som von der Leyen annonserte denne veka, samt andre finansieringsmekanismar, er tilstrekkeleg. Analysen frå Climate Home News gir god bakgrunn.