Obamas store klimaintervju

– Det som gjer klimaendringar vanskeleg er at det ikkje er ei umiddelbar katastrofal hending. Det er eit saktegåande problem som folk på dagleg basis ikkje opplever og ikkje ser, seier Obama i eit eksklusivt intervju med New York Times. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Obamas ettermæle i klimapolitikken: Kunngjeringa under G20-toppmøtet om at USA og Kina ratifiserer Paris-avtalen symboliserer den reisa USA har lagt bak seg med Obama som president. USA er ikkje lenger klimapolitikkens bremsekloss, dei er pådrivaren. I eit eksklusivt intervju med New York Times fortel Obama kvifor han er uroa over klimautviklinga, korleis USA under hans presidentskap har tilnærma seg Kina, og om oppturar og nedturar i amerikansk klimapolitikk. Ein av dei største kontroversane på heimebane er Clean Power Plan og kolindustriens dramatiske fall. Når Obama konfronteres med dette i intervjuet, svarar han slik: – Det vi skuldar dei som lever av å utvinne kol er å vere ærleg med dei, og seie at økonomien er i endring. Korleis vi konsumerer energi er i endring. Det er sanninga her, men det er også sanninga internasjonalt. Obama seier det vil få store konsekvensar om Trump vinn haustens val. Men samstundes meiner han det ikkje er mogleg å reversere alt han har gjennomført dei siste åtte åra. Til det involverer omstillinga for mange.
Indias kolindustri klagar over for mykje sol og vind: Statsminister Narendra Modi har satt ambisiøse mål i kraftsektoren – både for fornybar og fossil energi. Innan 2022 skal den fornybare kraftkapasiteten nå 175 GW, medan innanlands kolproduksjon skal opp frå 612 til 1500 millionar tonn innan 2020. Professor emeritus Kirit S. Parikh spør i denne informative kommentaren om desse måla er konsistente. Vil det vere behov for så mykje kol om fornybarpolitikken lukkast? Sjølv antydar han ja, men viser også i artikkelen korleis kostnadene for sol har stupt sidan Indias solenergi-satsing blei lansert i 2009. Kanskje er fornybarmåla ikkje ambisiøse nok? I Economic Times kunne ein denne veka også lese korleis kolindustrien opplever konkurransen frå sol og vind. Ein tidlegare styreleiar i Coal India uttaler at fornybarsatsinga bør settast på vent for ikkje å svekke kolets posisjon:

