Paris-avtalen trer i kraft 4. november

FNs generalsekretær Ban Ki-moon var til stades då Europaparlamentet sa ja til å ratifisere Paris-avtalen. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Ratifisering i turbofart:Denne veka røysta eit overveldande fleirtal i Europaparlamentet for å ratifisere Paris-avtalen, slik Rådet gjorde veka før. Dermed har EU ratifisert den historiske klimaavtalen på rekordtid, saman med mellom andre USA, Kina og India. Avtalen trer i kraft på den 30. dagen etter at minst 55 partar, som representerer minst 55 prosent av dei globale klimagassutsleppa, har gjennomført ratifisering. Med Europaparlamentets votering har ein no innfriddbegge krava. Det betyr at Paris-avtalen trer i kraft 4. november– mindre enn eitt år etter at avtalen blei forhandla fram under COP21. Til samanlikning tok det åtte før Kyoto-avtalen trådde i kraft.
Klimapolitikken ikkje kraftfull nok:Paris-avtalens mål er å halde temperstigninga under to gradar celsius – på sikt ned mot halvanna grad. Realiteten i dag er at vi har kurs mot langt høgare oppvarming. Klimaforskar James Hansen, som fram til 2013 jobba i NASA, skriv saman med kollegaer i ein nyleg publisert artikkelat gjennomsnittstemperaturen i 2016 vil ligge omlag 1,25 gradar celsius over før-industriell tid. Dei siste 45 åra har klodens temperatur auka med 0,18 gradar per tiår. Ein tilsvarande rask oppvarming har ein ikkje opplevd på 115 000 år,skriv artikkelforfattarane.
Same alvorlege bodskap kunne ein denne veka lese i det amerikanske nettmagasinet VOX. Med tittelen skildrar journalist David Roberts verdas utilstrekkelige oppfølging av Paris-avtalens mål. For å illustrere kor dårleg tid vi har viser han til grafar utarbeide av mellom andre klimaforskar Glenn Peters ved Cicero. Dei viser at dersom vi skal ha 66 prosent sjanse for å halde temperaturauka under 1,5 grader, og vi ikkje kan ta i bruk storskala karbonbinding, må dei globale karbonutsleppa nullast ut innan 2026. Det er ti år til! Roberts er klar på kva Paris-avtalen betyr: