Risikerer 4–5 graders oppvarming sjølv om Parisavtalen vert oppfylt

KART OVER POTENSIELLE «TIPPING ELEMENTS»: Sjølv ei temperaturstigning i tråd med Parisavtalen kan utløyse irreversible prosessar i naturen som forsterkar den globale oppvamringa. Kjelde:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
På veg mot 5 graders oppvarming? Det er ikkje berre nivået på globale klimagassutslepp som vil avgjere temperaturutviklinga framover. Det skriv Johan Rockstrøm og andre internasjonale klimaforskarar i ein artikkel publisert i tidsskriftet PNAS denne veka. Sjølv om verda skulle klare å kutte klimagassutslepp i tråd med Parisavtalen, er det ein risiko for at jorda likevel er på veg inn i ein tilstand forfattarane kallar «Hothouse Earth». Ein slik tilstand vil gi ein temperaturauke på 4–5 gradar celsius. Forklaringa er at sjølv ei «forsiktig» temperaturstiging kan utløyse irreversible prosessar i naturen som kan forsterke oppvarminga (såkalla «tipping elements»). Forskarane nemner tining av permafrost, frigjering av metan frå metanhydratar i havbotn og tap av sommar-sjøis i Arktis som døme på slike prosessar. Oversiktsartikkelen til Stockholm Resilience Centre er eit godt alternativ til deg som ikkje orkar å lese originalartikkelen. Her kan du også lese kva handling forskarane meiner er påkrevd. Denne delen av forskingsartikkelen har imidlartid blitt kritisert for å vere politisk.
Største skogbrann i Californias historie:Skogbrannsesongen er i full gang i California. Under overskrifta «Largest in State History» skreiv New York Times tysdag at så langt har eit areal på 600 000 dekar brent ned - tre gongar så mykje som på same tid i fjor. The Guardian skriv at Mendocino Complex, som er namnet på den største brannen, har passert New York City i storleik. Trump-administrasjonen har erklært «major disaster» i California og med det lova økonomisk hjelp til dei brannherja områda. Dette hindra likevel ikkje presidenten sjølv frå å legge ut meldingar på der han hevda at brannane ikkje hadde vore så alvorleg om det ikkje hadde vore for Californias miljølovgjevnad og vassregulering. Dette har blitt tilbakevist som lygn.

