Sender britiske huseigarar på gass-avvenning

MINDRE AV DETTE: Skal Storbritannia nå sine lovfesta klimamål, må forbruket av fossil energi i britiske heimar reduserast kraftig, skriv The Committee on Climate Change (CCC) i ny rapport. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Gassfyring trugar britiske klimamål
Mens elektrisiteten blir stadig grønare, slit Storbritannia framleis med ein fossildominert varmesektor. I ein ny rapport frå regjeringas eige klimaråd, The Committee on Climate Change (CCC), kjem det fram at dei juridiske bindande klimamåla ikkje vil bli nådd med mindre ein klarar å eliminere utsleppa frå energiforbruket i britiske husstandar. 24 av 27 millionar husstandar er kopla til gassnettet – opp frå 14 millionar i 1990. Bruk av gass (og litt olje) til oppvarming, varmt vatn og matlaging representerer 25 prosent av Storbritannias samla energiforbruk og 15 prosent av klimagassutsleppa. CCC – viss rolle er å overvake politikken opp mot vedtekne klimamål – foreslår fleire tiltak for å få fart på overgangen til ein fornybar varmesektor. Det mest radikale forslaget er at det ikkje seinare enn 2025 må innførast forbod mot at nye bygg koplar seg til gassnettet. Storbritannia var det landet Noreg eksporterte nest mest gass til i 2018.
Fornybar energi stod for nesten all ny kraftutbygging i EU
95 prosent av all ny kraftkapasitet installert i EU i 2018 var fornybar energi. Det er bransjeorganisasjonen Wind Europe sin siste rapport om trendar i den europeiske kraftmarknaden som viser dette. Totalt bygde EU-28 ut i underkant av 21 GW me ny kapasitet i fjor (som er det lågaste nivået på 15 år). Av dette stod solenergi for 8 GW, landbasert vindkraft for 7,4 GW og havvind for 2,7 GW. Solenergimarknaden i EU vaks med 37 prosent frå 2017 til 2018, medan vindkraftindustrien opplevde eit tilsvarande fall. Hovudforklaringa på det siste ligg mellom anna i Europas største vindmarknad, Tyskland. Her gjekk vindkraftutbygginga i 2018 ned heile 49 prosent samanlikna med året før. Ser ein på elektrisitetsproduksjonen er historia denne: 14 prosent av EUs elektrisitetsforbruk blei i 2018 dekka av vindkraft, mot 12 prosent året før. Danmark er EU-landet med aller mest vind i kraftmiksen (41 prosent). På dei neste plassane følgjer Irland (28 prosent), Portugal (24 prosent) og Tyskland (21 prosent). Kva så med Noreg? Vindkraft utgjer framleis ein liten del av samla kraftproduksjon, men på ein av Wind Europe sine statistikkar klarte vi likevel å hamne på topp: Dei 134 turbinane som vart installert på norsk jord i 2018 hadde ein gjennomsnittseffekt på 3,6 MW. Ingen andre europeiske land med landbasert vindkraftutbygging i 2018 kan vise til eit like høgt snitt.
