Tankesmie spår karbonpris på 25–30 euro i 2021

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Vedtekne reformer vi gi vekst i karbonpris: Karbonprisen i Europa er på stigande kurs. Frå 4 euro per tonn CO₂ for eit år sidan til 13 euro i dag. Ifølge Carbon Tracker Initiative, som denne veka publiserte rapporten Carbon Clampdown: Closing the gap to a Paris compliant EU-ETS, skal karbonprisen vidare opp på grunn av allereie vedtekne reformer av Europas kvotemarknad (EU ETS). Særleg viktig er det som går på årleg innstramming av kvoter (MSR-mekanismen). Den britiske finans-tankesmia trur karbonprisen vil nå 20 euro i 2019 og 25-30 euro i 2020-21. Dersom EU gjer alvor av forslaget om å justere kvotemarknaden i samsvar med Paris-avtalen, vil vi kunne få ein karbonpris på 45-55 euro per tonn innan 2030. Det vil isåfall føre til eit massivt skifte frå kol til gass i europeisk strømproduksjon. Til Euractiv uttalar rapportens forfattar Mark Lewis at gassen står for tur etter 2030, og at det europeiske kraftsystemet må vere fullstendig avkarbonisert innan 2040. Les også kommentaren til James Murray i Businessgreen.
Meir havvind og billegare strøm i Danmark: Same dag som energi- og miljøkomiteen på Stortinget offentleggjorde innstillinga til ny Klimastrategi for 2030, lanserte fire danske statsrådar klimaplanen Energi – til et grønt Danmark. Til saman 15 milliardar danske kroner skal brukast til å nå målet om minst 50 prosent fornybar energi innan 2030. Mest pengar skal brukast på å senke elavgifta (frå 91 til 66 øre) og el-varmeavifta (frå 25 til 10 øre) og bygging av det som skal bli Danmarks største havvindpark – med kapasitet på opptil 800 MW. Kven som skal bygge parken vil bli avgjort gjennom ein anbodskonkurransen i 2021. Samtidig signaliserer regjeringa at den offentlege støtta til fornybar energi skal forenklast og trappast ned – slik trenden er i dei fleste marknader i dag, skriv . Dansk Energi kallar planen , mens er meir kritisk. Blant anna krev fleire av partia at Danmark bør bygge tre nye havvindparkar innan 2030 – ikkje berre ein. Det vil også bli debatt om storleiken og innrettinga på reduksjon i el-avgift. Les meir om den danske klimaplanen i frå DR.