Spår ekstraordinært prisfall på solceller i EU

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Kinesisk overkapasitet gir billegare solenergi i EU: Som følge av myndigheitenes subsidiekutt tidlegare i år, er det i 2018 venta betydelig fall for bygging av store solparkar i Kina – verdas største solenergimarknad. Mens det i 2017 blei installert 53 GW ny solenergikapasitet, skriv BBC at ein i år truleg ikkje kjem over 35 GW. Når dei største kinesiske solcelleprodusentane samstundes aukar produksjonen av både celler og panel, fører dette til overkapasitet. Nokon av dei som vil tene på dette er EU – som natt til tysdag fjerna minsteprisen på kinesiske solcellepanel. Analytikarar i IHS Markit forventar at solcelleprisene i EU vil gå ned 30 prosent dei neste vekene. Også Bloomberg New Energy Finance forventar prisfall framover, skriv PV Magazine. Bransjeforeininga Solar Power Europe er klar på kva dette betyr: «The trade measures have made solar much more expensive than necessary in Europe , by removing them, solar will now be cheapest form of electricity in many EU countries – this means that many more consumers and national governments will be able to invest in solar.»
Batterirevolusjon på gang i Tyskland? Det var tyske forbrukarar som i sin tid sparka i gang det globale solenergieventyret. Er dei i ferd med å gjere det same med batterilagring? Bloomberg omtalar denne veka statistikk frå bransjeorganisasjonen BSW som syner at talet på selde batterisystem til tyske hushald passerte 100 000 einingar denne sommaren. Om farten held fram vil talet doblast til 200 000 i 2020. Den sterkaste drivaren er forbrukaranes ønske om å forsikre seg mot galopperande straumprisar i framtida, uttalar BSW. Samtidig som straumprisane i Tyskland går opp, går kostnadane for solcellepanel og batterilagringssystem kraftig ned. I tillegg spelar det inn at det ikkje er god butikk for tyske forbrukarar å mate den eigenproduserte straumen tilbake til nettet. Vil du lese meir om batterilagring? Les kommentaren publisert av nettstaden Energy Transition.