Fossilindustrien vil tape stort på suksess i Paris
Paris-avtale kan gi 100 billionar USD i "stranded assets": Mykje står på spel fram mot dei viktige klimaforhandlingane i Paris i haust. I ein ny rapport frå Citigroup, som Reneweconomy omtalar i denne artikkelen, vert det konkludert med at fossilindustrien kan tape svimlande summar dersom verdsleiarane klarar å forhandle fram ein god klimaavtale. 100 billionar amerikanske dollar er det Citigroup har rekna ut er verdien av dei fossile reservane som må bli liggande i bakken om togradarsmålet skal nås. Det vil seie ein tredel av dei globale oljereservane, halvparten av dei globale gassreservane og 80 prosent av dei globale kolreservane.
Batterirevolusjon på gang: Batteri vil endre energimarknaden slik smarttelefonen endra telekom, skriv Forbes i denne artikkelen. Dei siterer Susan Kennedy, adm.direktør i selskapet Advanced Microgrid Solutions og tidlegare stabssjef for Arnold Schwarzenegger. I likskap med Obama (sjå nedanfor) talte ho nyleg til National Clean Energy Summit. Kennedy meiner batteriteknologi vil endre nettet radikalt fordi det i utgangspunktet blei designa rundt eit konsept om at energi ikkje kan lagrast. Ut frå nyheitsbiletet er det mykje som talar for at Kennedy har rett – at vi står framfor ein revolusjon. Berre den siste veka har General Electric annonsert at dei vil bygge eit energilagringssystem på 30 megawatt i California. Dette er selskapets tredje batteriprosjekt så langt i år. I tillegg har E.On varsla ambisjonar innan energilagring. Saman med universitetet i Aachen har selskapet gått i gang med å bygge verdas første modulbaserte energilagringssystem (i stor skala).
Nye fornybarløfter frå Obama: I ein tale til Clean Energy Summit i Las Vegas denne veka annonserte president Obama at han vil løyve 1 milliard dollar ekstra til lånegarantiar for fornybarprosjekt, og 24 millionar dollar i nye tilskot til forsking og utvikling innan solcelleenergi. Obama viste i talen til at den formidable kostnadsutviklinga gjer solenergi attraktivt for stadig fleire: . Han drog og opp ei konfliktlinje mot fossillobbyen – som han påstår er bakstreverske: