SunEdisons konkurs – korleis påverkes solindustrien?

I stort tempo har SunEdision bygd sol- og vindkraftverk over heile verda. Men selskapets vekstmodel lot seg til slutt ikkje finansiere. No er selskapet konkurs. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
SunEdison konkurs: Torsdag offentleggjorde SunEdison, eit av verdas raskast voksande fornybarselskap, at dei har søkt konkursvern under amerikansk lov. Selskapets forretningsmodell har gått ut på å bygge sol- og vindkraftanlegg rundt om i verda, for så skilje desse ut til eigne børsnoterte "driftsselskap" dei sjølv har kontrollert (såkalla yield companies, eller yieldcos). SunEdison har ikkje søkt konkursvern for TerraForm Power og TerraForm Global - selskapets to yield companies. Så seint som i juli 2015 blei SunEdison verdsatt til 10 milliardar dollar, men etter kvart som det blei kjent at selskapets lånefinansierte ekspansjonsprogram ikkje var økonomisk beredyktig, har aksjekursen rast. WSJ-artikkelen Inside the Fall of SunEdison, Once a Darling of the Clean-Energy World gir god innsikt i SunEdisons fall. Seeking Alpha trur konkursen vil ha ein disiplinerande effekt på andre solenergiselskap, og at vekstmodellane til selskap som First Solar, SunPower, og SolarCity er meir robust. Raj Prabhu, CEO i Mercom Capital, meiner det er viktig at investorar ser på SunEdisons konkurs som eit selskapsproblem, ikkje industriproblem. Han trur heller ikkje konkursen vil skade Yieldcos som forretningsmodell.
Store skilnader på 1,5 og 2 gradars temperaturstiging:Det konkluderer ein vitskapeleg artikkel som denne veka blei publisert i tidsskriftet Earth System Dynamics, og som er omtalt av The Guardian. Etter at Paris-avtalen blei vedteke har stadig fleire reist spørsmål om skilnaden på 1,5 og 2 gradar. Artikkelforfattarane skriv at 2 gradars oppvarming vil gi lenger hetebølgjer og kraftigare tørkeperiodar. Dette vil gi alvorlege konsekvensar for avlingar, korallrev og vasstilgang. I Middelhavsregionen vil reduksjon i tilgang på vatn nesten doblast ved 2 gradars oppvarming samanlikna med ein oppvarming på 1,5 gradar.
