Trumps klimakutt avvist av Kongressen

Donald Trump ser ut til å ville trekke USA ut av Paris-avtalen – mot råd fra alt som kan krype og gå av skikkelige folk i politikk, sivilsamfunn og næringsliv over hele verden.
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Kongressen ignorerte Trump:Republikanarane og demokratane i Kongressen har denne veka kome fram til ein budsjettavtale for inneverande år. Det interessante er at denne første budsjettavtalen med Trump som president langt på veg ignorerer dei mest dramatiske kuttforslaga. Dette meldar mellom andre Bloomberg. Miljødirektoratets (EPAs) budsjett blir redusert med 81 millionar dollar samanlikna med 2016 - ikkje 247 millionar dollar som foreslått. Avtalen slår fast at talet på tilsette i EPA skal haldast på same nivå som i dag, også det i strid med presidentens ønske. Trumps framlegg om kutt i energirelatert forsking blei også skrota. Nokre forskingsprogram på fornybar fekk til og med påplussingar. (Muren mot Mexico får derimot ingen midlar i 2017).
Om årets budsjettavtale er representativ for framtidige budsjettavtalar er for tidleg å seie. Det er først når kongressen skal i gang med 2018-budsjettet vi får svar på om Trumps kuttforslag på klima- og energifeltet er endeleg avvist av Kongressen – eller berre utsett. Ein kommentar i New York Timesmeiner budsjettavtalen gir grunn til bekymring for Trump.
Should I stay or should I go? Innan kort tid vil president Trump bestemme seg for om USA skal akseptere eller trekke seg frå Paris-avtalen. Det føregår no hektisk møteverksemd blant Trump-administrasjonens viktigaste ministrar og rådgjevarar. Rollefordelinga er nokså absurd: Utanriksminister og tidlegare Exxon-sjef Rex Tillerson vil at USA skal bli verande. Sjef for miljødirektoratet (EPA) Scott Pruitt vil ut, mens energiminister Rick Perrys posisjon er at han vil reforhandle avtalen. Også administrasjonens juridiske ekspertar er kopla inn. Eit kjernespørsmål er om Trump kan reversere Obamas klimapolitikk samtidig som han aksepterer Paris-avtalen, eller om han då gir meiningsmotstandarane meir krutt i framtidige søksmål. Ekspertane er tvil. Til sjuande og sist er det Trump sjølv som avgjer Paris-avtalens vidare ferd. Følg med på Twitter.
