Utsleppskutta må begynne før 2020

VI HAR TRE ÅR PÅ OSS: Innen 2020 må vi ha fått orden på klimagassutsleppa, skriv Christiana Figueres, tidligere klimasjef i FN, i eit brev i Nature. Her frå eit tidlegare klimatoppmøte i Bonn. Foto:
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
2020 må bli vendepunktet: Naturepubliserte denne veka eit ope brev om den globale klimasituasjonen signert FNs tidlegare klimasjef Christiana Figueres og fleire andre internasjonale ekspertar. Brevet, også omtalt i internasjonale medier som The Guardian, rettar seg mot G20-landa som skal møtast i Hamburg 7.-8. juli, og har følgjande bodskap: Det skjer mykje bra på energifeltet, men innsatsen dei neste tre åra må intensiverast og styrkast. Klarar vi å knekke utsleppskurva innan 2020, er det framleis mogleg å nå Paris-målet. Forfattarane foreslår konkrete mål i seks sektorar:
(1) I 2020 må 30 prosent av global strømproduksjon vere fornybar (mot 24 prosent i 2015).
(2) I 2020 må byane årleg oppgradere minst 3 prosent av bygningsmassen til null- eller lågutsleppsstandard.
(3) I 2020 må 15 prosent av det globale nybilsalet bestå av elektriske bilar (mot 1 prosent i 2015).
(4) I 2020 må ein vere på god veg til å stoppe avskoginga, slik at skogen i 2030 blir eit netto karbonlager.
(5) I 2020 må ein ha utvikle planer og ha satt i gang tiltak for å få ned utsleppa frå verdas store industri-punktutslepp (stål, sement osv.).
(6) I 2020 må den årlege finansieringa av klimatiltak utgjere minst 1000 milliardar amerikanske dollar. Det inkluderer mellom anna at marknaden for grøne obligasjonar må vere ti gangar større i 2020 samanlikna med 2016. Krevjande, ja, men ikkje umogleg. Det handlar mykje om innstilling, avsluttar forfattarane: «We must remember that impossible is not a fact, it’s an attitude.»
«Big Business» seiar ja til meir openheit om finansiell klimarisiko: Torsdag presenterte ei arbeidsgruppe leia av investor og tidlegare New York-ordførar Michael Bloomberg sine endelege anbefalingar til kva informasjon selskap som vil rapportere om eigen finansielle klimarisiko bør inkludere. Målet er å etablere eit sett med klare, samanliknbare og konsistente opplysningar som skal gjere det mogleg for investorar, utlånarar og forsikringsselskap å «prise» eit selskaps evne til å møte klimaendringar, klimapolitikk og energiomstilling. Bloombergs arbeid har skjedd på oppdrag frå The Financial Stability Board – eit rådgivingsorgan for G20-landa som blir leia av den britiske sentralbanksjefen Mark Carney. Carney skal presentere forslaga på G20-toppmøtet i Hamburg i juli. Med Trump rundt bordet er det langt frå sikkert at G20 vil omfamne anbefalingane, men det er kanskje ikkje så farleg. Til no har gitt offentleg støtte til forslaga som skal gi meir openheit om finansiell klimarisiko. Les også i Financial Times og her på Energi og Klima.
