Vekst i globale CO₂-utslepp i 2017, men i USA gjekk utsleppa ned

UTSLEPPSKURVA SOM IKKJE VIL KNEKKE: IEAs utrekningar viser at dei energirelaterte CO₂-utsleppa i 2017 auka med 1,4 prosent samanlikna med året før. Det svarar til utsleppa frå 170 millionar bilar, ifølgje IEA.
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Utsleppa går i feil retning: Det internasjonale energibyrået (IEA) publiserte denne veka oppdaterte data som viser at dei globale CO₂-utsleppa, etter tre år med utflating, auka med 1,4 prosent i 2017 (førebelse utrekningar). I rapporten Global Energy and CO₂ Status Report, 2017skriv IEA at utsleppsauken i fjor skuldast ein kraftig byks i den globale energietterspørselen (+ 2,1 prosent), som igjen vert forklart med kraftig vekst for verdsøkonomien (+ 3,7 prosent), lågare råvareprisar og ein svakare satsing på energieffektivisering enn tidlegare. Rapporten viser store geografiske skilnader. Medan Kina, India og EU hadde utsleppsvekst i 2017, opplevde andre marknader det motsette. I USA gjekk utsleppa ned for tredje året på rad (- 0,5 prosent). Tidlegare har utsleppsreduksjonane her skuldast overgang frå kullkraft til gasskraft, men i 2017 vert nedgangen forklart med kraftig vekst i fornybar energi. Også Storbritannia såg i 2017 ein reduksjon i energirelaterte CO₂-utslepp (- 3,8 prosent). Det store bildet er likevel dette: energiomstillinga går for sakte, og vi er ikkje i rute til å nå Paris-avtalens mål. (Les og: Klimavakten - globale klimagassutslepp).
Færre nye kullkraftverk: Sjølv om CO₂-utsleppa aukar, er det grunn til å glede seg over dette: I 2017 fall talet på nye kullkraftverk med 28 prosent samanlikna med året før, mens talet på nye kullkraftverk under planlegging gjekk ned med 22 prosent. Det viser rapporten Boom and Bust 2018: Tracking The Global Coal Plant Pipeline som Greenpeace, Sierra Club og Coalswarm publiserte onsdag. Det er særlig politiske endringar i Kina og India som påverkar utviklinga, samt auka konkurranse frå billig fornybar energi. 2017 varandre året på rad der kullkraftveksten gjekk ned samanlikna med året før. Sjølv om retninga er riktig, er tempoet for lågt. Om utviklinga held fram som no, må ein vente til 2022 før stenging av gamle kullkraftverk overstig talet på nye kraftverk. Les meir i australske RenewEconomy.


