Vil ta EU mot nullutslepp i 2050

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:
Netto nullutslepp i 2050:Som oppspel til neste vekes klimatoppmøte i Katowice i Polen, la EU-kommisjonen onsdag fram ein strategi for korleis unionen kan bli klimanøytral i 2050. Strategien inkluderer åtte ulike vegkart som alle reduserer klimagassutsleppa i tråd med Paris-avtalen (med minst 80 prosent samanlikna med 1990). To av vegkarta gir netto nullutslepp. Eit slikt ambisjonsnivå vil krevje at investeringar i energisystem og infrastruktur må aukast frå 2–2,8 prosent av BNP – opp mot 290 milliardar euro i året. Skilnaden på vegkarta ligg i korleis dei vektlegg ulike teknologiske og organisatoriske løysingar, til dømes kor stor rolle karbonfangst og -lagring (CCS) eller livsstilsendringar vil spele. Kommisjonens grundige analyse inneheld også ei utsleppsframskriving basert på allereie vedteken klima- og energipolitikk. Ho viser at «business as usual» vil redusere klimagassutsleppa i EU med 45 prosent innan 2030 og 60 prosent innan 2050 (samanlikna med 1990). Twitter-tråden frå Andreas Graf i Agora Energiewende er interessant om du vil vite meir om kva Kommisjonen skriv om 2030. Deriblant om forventa konsum og import av gass.
Kjøttkonsumet må ned:Det globale matsystemet er øydelagt og må fiksast. Det skriv 130 akademikarar i ein ny rapport finansiert av det tyske utdannings- og forskingsdepartementet. Rapporten, som er fagfellevurdert, er omtalt i The Guardian. Forskarane viser til at matsystemet både bidreg til klimaendringar, underernæring, fedme, matsvinn og dårleg helse. Løysinga, skriv forfattarane, må handle om meir enn berre å redusere klimagassutsleppa frå landbruket. Ein må også adressere etterspurnaden. Politikarane må forstå forbrukarvanar og viktige etterspurnadsdrivarar. I regionar som Europa må innbyggarane ete mindre kjøtt.
