FN med historisk klimavedtak

PÅDRIVER: Vanuatus statsminister Alatoi Ishmael Kalsakau har i lang tid jobbet med å samle støtte for klimaforslaget som ble vedtatt av FNs generalforsmling 29. mars 2023. Foto: Eduardo Munoz/Reuters/NTB
I Fem på fredag presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.
Skal vurdere statars klimaansvar
Ikkje berre har storkammeret i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) denne veka gjennomført høyringari domstolens aller første klimarettssakar, men stillehavsøya Vanuatu har også fått FNs generalforsamling med på å be Den internasjonale domstolen (International Court of Justice, ICJ) om å klargjere statars klimaansvar. Resolusjonen, som kan lesast her, blei støtta av over 100 statar, inkludert Noreg. Kina og USA var ikkje blant desse.
ICJ er venta å bruke 1-2 år på arbeidet. Sjølv om det dei kjem fram til, ikkje er juridisk bindande for FNs medlemsland, kan det likevel få konsekvensar for framtidige klimasøksmål. Til Financial Times seier Oxford-professor Lavanya Rajamani at ICJs anbefalingar kan bidra til å etablere ein benchmark for kva ein kan forvente av statar i møte med klimaendringane. Same perspektiv blir framheva av BBC.
