1

Støtt oss
Stillinger
1
Klimakalender

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 16. februar 2024
Sist oppdatert 17.2.2024, 18:19
Fem på fredag

Folk flest vil ha tøffare klima­po­li­tikk

Rasande bønder som protesterer mot klimapolitikken er ikkje representative. Det store fleirtalet av oss ønsker ein skjerpa innsats mot klimaendringane, viser ei ny internasjonal undersøking.

En gruppe mennesker går nedover en gate med skilt.

BREI STØTTE: Ei stor internasjonal undersøking viser eit solid fleirtal for ein kraftigare klimapolitikk. Her frå ein klimademonstrasjon i Berlin hausten 2023. Foto: Markus Schreiber/AP/NTB

Publisert 16. februar 2024
Sist oppdatert 17.2.2024, 18:19
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Støtte til forsterka klimahandling

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Våre nyhetsbrev

Du kan ombestemme deg når som helst ved å trykke på avmeldingslenken i bunnen av hver e-post vi sender deg, eller ved å kontakte oss på post@klimastiftelsen.no. Vi behandler alle personopplysninger konfidensielt. Her er personvernserklæringen vår. Ved å markere boksen under godtar du at vi behandler informasjonen om deg i henhold til denne erklæringen.

Vi bruker Mailchimp for å sende ut våre nyhetsbrev. Ved å abonnere på nyhetsbrevet godkjenner du at informasjonen du skriver inn blir sendt til Mailchimp for prosessering. Les mer om Mailchimps personvernerklæring her.

Europeiske forskarar har gjennom The Global Climate Change Survey undersøkt klimahaldningar hos eit representativt utval av verdas befolkning. Undersøkinga involverer nesten 130 000 respondentar fordelt på 125 land, og viser for første gong ein solid vilje og støtte til forsterka klimahandling. Funna, som er omtalt i Nature Climate Change, kan oppsummerast kort slik:

  • 69 prosent av dei spurde seier dei er villig til å bruke 1 prosent av eigen månadsinntekt på kampen mot global oppvarming.
  • 86 prosent seier innbyggarane i deira eige land bør gjere meir mot global oppvarming.
  • 89 prosent vil ha sterkare klimainnsats frå eigen nasjonale regjering. Dette funnet blir av forskarane omtalt som eit tilnærma universelt globalt krav.

Eit anna viktig funn, som Pilata Clark i Financial Times skriv godt om, er dette: Det er eit solid fleirtal blant dei spurde som seier ja til meir klimahandling, men dette fleirtalet trur dei er i mindretal. Mens 2 av 3 faktisk er villig til å bruke 1 prosent av eigne inntekter i kampen mot global oppheting, trur gjennomsnittspersonen at det er snakk om langt under halvparten. Denne feiloppfatninga kan bli kostbar, skriv Clark. Folk er mindre tilbøyelege til å handle på vegne av klimaet om dei trur at fleirtalet er mot.  

Les også: Sjølv om fleirtalet ønsker sterkare tiltak mot global oppvarming, finst det også ein minoritet som ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar. I USA er nesten 15 prosent av innbyggarane klimafornektarar, konkluderer ei anna undersøking omtalt i Nature.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Amazonas-alarm!

Vi held oss til tidsskriftet Nature – som har publisert ei av vekas mest urovekkjande artiklar: Critical transitions in the Amazon forest system. Artikkelforfattarane har analysert fem drivarar for vassmangel (global oppheting, årleg nedbør, sesongbasert nedbørsintensitet, lengde på tørketid og akkumulert avskoging), og identifisert kritiske tersklar som, om dei vert kryssa, kan føre til storskala kollaps av Amazonas innan 2050. Og resultatet? Mellom 10 og 47 prosent av regnskogens areal står i fare å bli utsett for komplekse forstyrringar, som igjen kan føre til uventa økosystemendringar. Sagt på ein annan måte: Store delar av Amazonas kan gå frå frodig regnskog til tørre savannar.   

To viktige grep som kan bidra til å hindre ein kollaps av Amazonas, er ifølgje forskarane å 1) avgrense den globale oppvarminga til 1,5 gradar og 2) få slutt på avskoginga.

Les meir: Den folkelege omtalen av forskingsartikkelen finn du i The Guardian, medan Carbon Brief som alltid går litt grundigare til verks.

Cambridge og Oxford legg klimapress på finansinstitusjonar

21 britiske universitet, deriblant Cambridge, Oxford og London School of Economics, har sendt brev til leiande finansinstitusjonar med krav om å klimatilpasse sine finansielle produkt i tråd med 1,5-gradarsscenarioet til Det internasjonale energibyrået (IEA). Formålet er mellom anna å sikre at universitetas pengar ikkje går til nyinvesteringar innan olje, kol og gass. Finansinstitusjonane som ønsker å svare på brevet, har fått frist til ut månaden til å kommentere kravet. Det er Financial Times av dei store mediehusa som omtalar saka. Dei forklarar universitetas finansielle klimaengasjement med betydeleg press frå studentar og tilsette.

Våre støttespillere

Shell trur på LNG-vekst, ikkje klimapolitikken

Shell, verdas største privateigde LNG-forhandlar, spår gode tider for sin eigen fossile kjerneaktivitet: Fram mot 2040 vil LNG-marknaden vekse med 50 prosent, som igjen vil krevje betydelege investeringar i ny gassimport-infrastruktur. Det skriv selskapet i sin siste LNG Outlook som kom denne veka. Som så mange andre selskap forsøker Shell å «ramme inn» gass som ein overgangsteknologi mellom det fossile og fornybare, men som Financial Times syrleg kommenterer, er LNG alt anna enn løysinga på klimakrisa:

«Although natural gas is cleaner than other fossil fuel alternatives, it still releases substantial amounts of carbon dioxide when burnt. Natural gas is also mostly composed of methane, which generates more warming than carbon dioxide but is shorter-lived. Cutting methane emissions is regarded by scientists as among the cheapest and quickest ways to tackle global climate change.»

Google skal overvake metanutslepp

Ein ny satellitt for overvaking av metanutslepp skal skytast opp i mars. The MethaneSAT skal gå i bane omlag 482 kilometer over jorda og fullføre 15 rundar per dag. Føremålet er overvake metanutslepp frå olje- og gassanlegg over hele heile kloden. Prosjektet var opphavleg eit initiativ frå Environmental Defense Fund, men denne veka blei de klart at også Google går inn i prosjektet. Googles rolle er å bringe inn teknologi og kunstig intelligens – og sørge for at ein får bygd opp gode globale kart som viser oljebransjens metanutslepp. Denne informasjonen skal gjerast offentleg tilgjengeleg, lovar prosjekteigarane.

ANNONSE
Bluesky

Les også

Flyfoto av et boligområde med gater og hus under vann, omgitt av trær og fjerne bybygninger under overskyet himmel.

Ekstremutsatt for ekstremvær

Denne ukens fem utvalgte nyheter: Enorme flommer krever liv i Vietnam, begrenset britisk oljeleting, tydelig klimaerklæring fra G20, utflytting av gjødselindustri og nytt yrke: klimarisikoingeniør.

28. november 2025
Les mer
En stor folkemengde marsjerer med kisteformede skilt merket "COAL", "OIL" og "GAS" under en klimaprotest, med en jordklode og en solskulptur i bakgrunnen.

Sør-Korea skal fase ut kullkraft

Denne ukas fem utvalgte nyheter: Sør-Korea vil fase ut kull, Danmark topper klimarangering, Iran vil lage kunstig regn, klimaet gjør forsikring vanskelig i USA og Europa passerer milepæl for energilagring.

21. november 2025
Les mer
Sikkerhetsfolk og demonstranter støter sammen i et overfylt innendørsrom, der folk dytter og rekker opp hendene, noe som skaper en anspent atmosfære.

Frustrerende rapporter i Belém: Vi gjør ikke nok

Vi styrer fortsatt mot 2,6 graders oppvarming, men endelig er det noen som skryter av Norges klimamål: Climate Action Tracker gir oss pluss i margen. Les også om oljeboom i Sør-Amerika, sikkerhetstrusler på Island, ekstremvær i Asia og metanpolitikk i trøbbel.

14. november 2025
Les mer
På en fabrikk plasserer arbeiderne en stor pappeske merket med produktinformasjon på en pall med solcellepaneler.

Investorer strømmer til den grønne omstillingen

Denne ukens fem utvalgte nyheter: Ren energi-aksjer surfer på KI-bølgen, IEA ser fortsatt stor fornybar-fart, Trump-kutt i grønn statsstøtte, humanitært klima-visum og kjernekraft i Sveriges skjærgård.

10. oktober 2025
Les mer
ANNONSE
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Svanemerket