Grøn handelskrig trugar forholdet mellom EU og USA

Frankrikes president Emmanuel Macron og USAs president Joe Biden under en offisiell mottaking utanfor Det kvite hus 1. desember 2022. Foto: Elizabeth Frantz/Reuters/NTB
I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.
Risiko for grøn handelskrig
I samband med det franske statsbesøket i USA har Emmanuel Macron denne veka åtvara amerikanarane mot ein klimapolitikk som diskriminerer europeisk industri. Ifølgje Macron kan dette bidra til å «fragmentere vesten».
Bakgrunnen for Macros kritikk er denne: Joe Bidens grøne satsingar gjennom politikkpakken «Inflation Reduction Act» bygger på eit svært omfattande støtteprogram med store subsidier mellom anna til elbilar. Prinsippa bak den amerikanske klimapolitikken er annleis enn i Europa. Medan EU gjennom kvotesystemet og andre tiltak pålegg verksemder å betale for utsleppa sine, er CO₂-prising bannlyst i USA. Der har subsidiar og statsstøtte vist seg å vere einaste farbare veg til ein skjerpa klimapolitikk. Og subsidiane er målretta mot amerikansk industri.
Med frykt for at investeringar flyttar frå Europa til USA tok den tyske økonomiministeren Robert Habeck under ein konferanse nyleg til orde for «a robust European response». EU-kommissær MargretheVestager er derimot ingen tilhengar av å gå til subsidiekrig mot USA, mens Al Gore ber partane om å samarbeide. Eit land som risikerer å hamne i ein alvorleg skvis om konflikten skulle spisse seg til mellom EU og USA er Storbritannia.
Kva skjer no?Det er openberre spenningar mellom EU og USA, men etter møtet mellom Macron og Biden var tonen litt meir diplomatisk. også for å gjere justeringar for å tilfredsstille allierte. Tida vil vise kva det inneber, og om det er nok for å unngå ei eskalering.

